Gausvik

Koordinatar: 68°36′42.847″N 16°29′56.004″E / 68.61190194°N 16.49889000°E / 68.61190194; 16.49889000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°36′42.847″N 16°29′56.004″E / 68.61190194°N 16.49889000°E / 68.61190194; 16.49889000

Gausvik skule med nybygde Smeskogan barnehage nærmast
Foto: Øyvind Kind Robertsen

Gausvik er ei bygd i Harstad kommune, som ligg mellom Haukebø i sør og Fauskevåg i nord. Bygda har omtrent 200 innbyggjarar. Gausvik ligg i Gausvika, som har fått sitt namn etter halvøya Gausøya. Gausøya har form om minnar om ei gås.

Gausvik skule er ein barneskule med elevar frå 1. til 7. klassetrinn frå Sandtorg i sør til Lilleng i nord. I 2008 vart Smeskogan barnehage, som tidlegare hadde heldt til i underetasjen til Gausvik kyrkje, flytta til eit nytt bygg i tilknyting til skulen.

Omkring 1990 var det postkontor og to landhandlarar i bygda - no er alle nedlagt.

Bygda har i dei siste åra opplevd ein vekst i innbyggjartal, då fleire barnefamiliar har vald å flytte til bygda. Mange av desse har ikkje noko tilknyting til bygda, medan andre er tidlegare innbyggjarar som har vald å flytte heim for å stifte familie. Dette har ført til ein lang kamp for å få gang- og sykkelsti til bygda, noko ivrige menneske enno arbeider med å få.

I tillegg til skulen har bygda eit eige songkor - Gausvik Blandakor - som ofte stillar til konsert både i heimbygda og andre stadar.