Gay-Lussac-lova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gay-Lussac-lova eller Charles-lova er ei fysisk lov og vart først funnen av den franske fysikaren Guillaume Amontons (1663–1705), men er kalla opp etter Joseph Louis Gay-Lussac. Lova går ut på at alle (ideelle) gassar har same utvidingskoeffisient når trykket ikkje endrast og at volumet er proporsjonalt med den absolutte temperaturen, føresett at trykket blir halde konstant.

Ein interessant konsekvens av lova er at alle gassar ved fallande temperatur ser ut til å gå mot null volum ved same temperatur. Gay-Lussac-lova gav difor ein første indikasjon på at det finst eit absolutt nullpunkt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]