Gaziantep

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°04′N 37°23′E
Gaziantep
by
none  Gaziantep borg
Gaziantep borg
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Søraust-Anatolia
Provins Gaziantep
koordinatar 37°04′N 37°23′E
Areal 7 642 km²
Folketal 1 376 352 [1][2]
 - storby 1 393 289
Tettleik 180 / km²
borgarmeister Asım Güzelbey
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 27x xx
Retningsnummer 342 & 343
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.gaziantep-bld.gov.tr

Gaziantep, framleis og tidlegare uformelt kalla Antep, er ein by søraust i Tyrkia og av dei eldste kontinuerleg busette byane i verda. Byen ligg 185 km nordaust for Adana og 127 km langs bilvegen nord for Aleppo i Syria. Byen har to bydistrikt under seg, Şahinbey og Şehitkamil. Han er den sjette største byen i Tyrkia og har 1 376 352 innbyggjarar (2011), medan storbyomrdået har kring 1,4 millionar innbyggjarar.

Han ligg nær elva Sacirsuyu, som er ei sideelv til Eufrat. Han er eit viktig vegknutepunkt og handelssenter for mellom anna jordbruksprodukt frå omlandet, som pistasjnøtter og vindruerer. Byen har fleire gamle byggverk mellom anna ruinar av eit austromersk fort frå 500-talet og fleire moskear. Det ligg eit etnografisk museum i byen og universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gaziantep er truleg den same byen som den hellenistiske byen Antiokia ad Taurum (Antiokia i Taurusfjella). Arabarane under umayyadane erobra byen i 661, og i 750 gjekk han til abbasidane. Under arabisk styre vart han fleire gonger herja av austromarane og i 962 vart han gjenerobra av austromarane, før seldsjukkane tok byen i 1067. Han vart på ny erobra av krossfararane og langt under grevskapet Edessa i 1098. Han kom til sultanatet Rûm under seldsjukkane i 1150, men vart erobra av zengidane i 1172 og av ayyubidane i 1181. Han vart teken attande av seldsjukkane i 1218 og vart styrt av Ilkhanatet mellom 1260–1261, 1271–1272, 1280–1281 og 1299–1317 og av mamelukkane mellom 1261–1271, 1272–1280, 1281–1299, 1317–1341, 1353–1378, 1381–1389 og 1395-1516.

Det osmanske riket erobar Gaziantep etter slaget ved Marj Dabiq i 1516, under regjeringstida til sultan Selim I.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Gaziantep har eit middelhavsklima med påverknad av kontinentalklima om vinteren, med særs varme, tørre somrar og kalde, våte og stundom snørike vintrar.

Klimadata for Gaziantep
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 8.0 9.6 14.3 19.9 25.7 31.5 35.6 35.6 31.4 24.4 16.2 10.0 21 85
Normal min. temp. °C -0.8 0.1 3.2 7.5 12.0 17.1 21.0 21.0 16.3 10.5 4.5 1.0 -0,8
Nedbør (mm) 90.2 83.3 74.5 56.1 29.3 7.9 6.3 6.6 7.8 38.7 68.3 93.6
relativ fukt 72 68 63 61 54 45 37 38 45 56 68 71 56,5
Normal mengd regndagar 12.3 12.3 12.1 10.7 6.8 2.0 0.7 0.4 1.8 6.6 9.2 11.9 86,8
Normale månadlege solskinstimar 117.8 123.2 170.5 207 269.7 318 334.8 316.2 270 217 165 117.8 2 627
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]
Kjelde nr. 2: Weatherbase [3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]