Geest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geestlandskap nær Dörpling i Schleswig-Holstein i Tyskland.

Geest eller gest er eit lyngbevokst landskap på sand- og grusavsettingar i nordlege delen av Nederland, Tyskland og Polen. Avsetningane er av fluvioglasial opphav og er avsett føre isbrear under siste istida. Seinare har elveerosjon delt opp dei opphavleg samanhengande områda i mindre delar.

Lüneburger Heide er døme på ein geest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Geest. (2012, 24. januar). I Store norske leksikon. Henta 9. februar 2014 frå http://snl.no/geest.