Fidel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Geezskrift)
Skilt på Den etiopiske ambassaden i Paris, med tekst på fransk og amharisk. Teksten ይኢትዮጵያ ኤምባሲ skal lesast jɜʔitjop'p'ja embasi 'Den etiopiske ambassaden', eller bokstavleg 'Etiopias ambassade'. Legg merke til at ein i fidel ikkje skil enkle og doble (lange) konsonantar, slik at ጵ p' er skriven berre éin gong, utan markering av lenging eller fordobling.
Wikipedia på amharisk: ውክፔዲያ wɨkɨpedija.

Fidel (ፊደል fidɜl) er ein abugida som vart laga for å skrive det semittiske språket ge'ez (ግዕዝ ɡɨʕɨz) eller gamaletiopisk, og som i dag blir brukt til å skrive dei semittiske språka amharisk, tigrinja og ein del andre språk i Etiopia og Eritrea. Ein skriv fidel frå venstre mot høgre, i liner ovanfrå og nedover.

amharisk tyder ordet ፊደል fidɜl eigentleg 'bokstav'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fyrste mosebok, 9, 11-16 på ge'ez. Manuskriptet er frå 1400-talet.

Fidel vart utvikla frå den sabeiske eller sørarabiske skrifta.

Dei eldste innskriftene i sabeisk, funne i den sørvestlege delen av Den arabiske halvøya, er frå midten av fyrste tusenåret f. Kr. I dei siste hundreåra f. Kr. byrja kolonistar frå Sørvest-Arabia å busetje seg ned på den andre sida av Raudehavet, i Abyssinia. Språket deira ge'ez blei fyrst skrive med sabeisk skrift, eit typisk semittisk alfabet, der berre konsonantane blei skrivne.

På 300-talet endra dei ge'ez-talande abyssinarane den sabeiske skrifta, ved å leggje til små strekar til venstre, høgre eller under symbola for å uttrykkje vokalar; truleg hadde ideen kome frå India, der devanagari og andre skriftsystem får fram vokalane på den måten. Slikt skapte dei den skrifta som vi kallar fidel. Medan sabeisk blei skrive frå høgre mot venstre, bortsett frå boustrofedon i dei eldste innskriftene, blir fidel skriven frå venstre mot høgre.

Grunnsymbol[endre | endre wikiteksten]

Fidel har 26 grunnsymbol, her translittererte på grunnlag av uttalen i tigrinja og amharisk, i IPA-transkripsjon; korrespondansane med sabeisk skrift er òg tekne med.[1] Skilnadene i uttale mellom tigrinja og amharisk kjem av at tigrinja har eit meir konservativt konsonantsystem, medan amharisk har mist mange lydar som er karakteristiske for semittiske språk.

Grunnsymbol
Tigrinja h l ħ m s r s k' b t x n ʔ
Amharisk h l h m s r s k' b t h n ʔ
Fidel
Sørarabisk h l ḥ m s2 r s1 ḳ b t ḫ n ʾ
Grunnsymbol
Tigrinja k w ʕ z j d g t' p' s' s' f p
Amharisk k w ʔ z j d g t' p' s' s' f p
Fidel
Sørarabisk k w ʿ z y d g ṭ ṣ ḍ f

Som ein ser, blir både ሠ og ሰ uttala [s] og både ጸ og ፀ blir uttala [s'], men dei skal ha blitt uttala forskjellig i ge'ez. I transkripsjonen av ge'ez er det vanleg å skrive dei slik:

  • s, ሠ ś
  • s', ፀ ś'

Modifiserte symbol[endre | endre wikiteksten]

Når vi ser bort frå skrivemåten av vokalane, som er skildra i avsnittet Vokalar nedanfor, kan grunnsymbola i fidel mofiserast på to vis:

  1. Frikativiserings/palataliserings-modifikasjon
  2. Labialiseringsmodifikasjon

Frikativiserings/palataliserings-modifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Her er eit oversyn over symbol med frikativiserings/palataliserings-modifikasjon som blir nytta i tigrinja og amharisk. Som ein ser, er denne modifikasjonen i alle unnateke eitt tilfelle, ጨ, ein vassrett strek over eit grunnsymbol. Grunnsymbola er tekne med, for samanlikningas skyld.

Grunnsymbol
Tigrinja s k' b t n k z d t'
Amharisk s k' b t n k z d t'
Fidel
Modifiserte symbol
Tigrinja ʃ x' v ʧ ɲ x ʒ ʤ ʧ'
Amharisk ʃ v ʧ ɲ h ʒ ʤ ʧ'
Fidel

Som tabellen viser, blir labiale og dorsale orale lukkelydar til frikativar, medan alveolare konsonantar blir palataliserte, i vid meining.

Labialiseringsmodifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst to typar labialiseringsmodifikasjon:

  1. Wa-modifikasjon
  2. Dorsal-labialisering

Wa-modifikasjon[endre | endre wikiteksten]

Symbol som står for ikkje-dorsale konsonantar – bortsett frå dei laryngaleh, ሐ ħ/h, አ ʔ og ዐ ʕ/ʔ, halvvokalanew og የ j og frikativens – kan få lagt til ein strek under – bortsett frå ved ሯ rʷa, der han er over – for å uttrykkje at dei skal uttalast med tillegget wa. Til dømes kan በ b gjerast til ቧ bʷa. Ved wa-modifikasjonen blir med andre ord konsonanten labialisert og får vokalen a. Her er eit oversyn over alle wa-modifiserte konsonantsymbol, både grunnsymbol og frikativiserings/palataliserings-modifiserte symbol:

Wa-modifiserte symbol
Tigrinja lʷa mʷa sʷa rʷa sʷa ʃʷa bʷa vʷa tʷa ʧʷa nʷa ɲʷa
Amharisk lʷa mʷa sʷa rʷa sʷa ʃʷa bʷa vʷa tʷa ʧʷa nʷa ɲʷa
Fidel
Wa-modifiserte symbol
Tigrinja xʷa zʷa ʒʷa dʷa ʤʷa t'ʷa ʧ'ʷa p'ʷa s'ʷa fʷa pʷa
Amharisk hʷa zʷa ʒʷa dʷa ʤʷa t'ʷa ʧ'ʷa p'ʷa s'ʷa fʷa pʷa
Fidel

Dorsal-labialisering[endre | endre wikiteksten]

Symbol som står for dorsale konsonantar kan få labialisering, med fire ulike teikn, avhengig av kva for ein av fem (urunda) vokalar som følgjer:[2]

Labialiserte dorsal-symbol
Tigrinja k'ʷɜ k'wi k'ʷa k'ʷe k'ʷɨ xʷɜ xʷi xʷa xʷe xʷɨ
Amharisk k'ʷɜ k'wi k'ʷa k'ʷe k'ʷɨ hʷɜ hʷi hʷa hʷe
Fidel
Labialiserte dorsal-symbol
Tigrinja kʷɜ kʷi kʷa kʷe kʷɨ gʷɜ gʷi gʷa gʷe gʷɨ
Amharisk kʷi kʷa kʷe kʷɨ gʷɜ gʷi gʷa gʷe gʷɨ
Fidel

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalar utan labialisering kan normalt følgjast av sju forskjellige vokalar, som er uttrykte gjennom modifikasjonar av konsonantsymbola. Heile systemet er sett opp i tabellane nedanfor. Det er vanleg praksis å omtale settet med konsonantar med same vokal som ein orden, og ordenane er nummererte frå 1 til 7. Symbola i 1. orden er grunnformene i dette systemet; dei har ingen vokalmodifikasjon.

Når uttalen i tigrinja og amharisk er forskjellig, står tigrinja-uttalen føre og amharisk-uttalen etter ein skråstrek, til dømes slik: ħ/h. Merk vidare at nokre konsonantar i 1. orden er uttala med vokalen a i staden for vokalen ɜ. Det gjeld desse: ሀ ha, ሐ ħa/ha og ዐ ʕa/ʔa.

Vokalmodifikasjon
Orden 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7.
ɜ u i a e ɨ o
h
l
ħ/h
m
s
r
s
ʃ
k'
x'/–
b
v
t
ʧ
x/h
n
ɲ
ʔ
Vokalmodifikasjon
Orden 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7.
ɜ u i a e ɨ o
k
x/h
w
ʕ/ʔ
z
ʒ
j
d
ʤ
g
t'
ʧ'
p'
s'
s'
f
p

Teiknsetjing[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt blei orda i ei setning skilde frå kvarandre med to prikkar, ፡. Denne praksisen gjekk gradvis av bruk etter at ein byrja å trykkje tekstar. Slutten på ei setning blir merkt med fire prikkar, ።. Teiknet ፥ svarer jamt over til vårt komma (,), og ፤ til vårt semikolon (;).

Funksjon: ordskilje . , ;
Symbol:

Talteikn[endre | endre wikiteksten]

I fidel finst det eigne symbol for talord. Det finst eigne symbol for einarane frå 1 til 9, for tiarane frå 10 til 90, og dessutan for 100 og 10 000.

Einarar
Verdi 1 2 3 4 5 6 7 8 9
Fidel
Tiarar o.a.
Verdi 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100 10 000
Fidel

Mal:Clesr

Teiknkoding[endre | endre wikiteksten]

I Unicode blir fidel koda i området U+1200 – U+139F og U+2D80 – U+2DDF (desimal 4608–5023 og 11648–11743):

    0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 A B C D E F
1200  
1210  
1220  
1230  
1240  
1250  
1260  
1270  
1280  
1290  
12A0  
12B0  
12C0  
12D0  
12E0  
12F0  
1300  
1310  
1320  
1330  
1340  
1350  
1360  
1370  
1380  
1390  
2D80  
2D90  
2DA0  
2DB0   ⶿
2DC0  
2DD0  

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sidan fidel er ein abugida, blir alle konsonantane uttala med ein vokal etter. Dette er skildra i avsnittet om vokalar.
  2. ኀ er ikkje dorsal i amharisk, men framleis i tigrinja, som har ein meir konservativ uttale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Leslau. Wolf 2000. Introductory grammar of Amharic. (Porta Linguarum Orientalium. Neue Serie. Bd. 21.) Wiesbaden: Harrassowitz Verlag.