Geir Haarde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Geir Hilmar Haarde (fødd 8. april 1951) er ein islandsk politikar. Han var frå statsministerIsland frå juni 2006 til februar 2009. Han etterfølgde Halldór Ásgrímsson. Haarde har sidan 2005 vore leiar for det politiske partiet Sjálfstæðisflokkurinn (Sjølvstendepartiet). Som statsminister leidde han fyrst ei koalisjonsregjering mellom sitt eige parti og Framsóknarflokkurinn. Etter alltingsvalet i 2007, der Sjálfstæðisflokkurinn fekk auka oppslutnad, leidde Haarde ein koalisjon mellom Sjálfstæðisflokkurinn og det sosialdemokratiske Samfylkingin.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Far til Haarde, Tomas Haarde, flytte til Island frå Sandeid, heilt nord i Ryfylke i Rogaland.[1] Haarde vart fødd i Reykjavík i 1951, og snakkar sjølv også norsk. Han har bachelorgrad i økonomi frå Brandeis University i USA, vidare mastergrad i internasjonale forhold (frå Paul H. Nitze School of Advanced International Studies ved Johns Hopkins University) og økonomi (frå University of Minnesota).

Før han vart vald inn i Alltinget, arbeidde Haarde som økonom i den islandske sentralbanken frå 1977 til 1983. Han var leiar av Samband ungra sjálfstæðismanna (SUS), ungdomsorganisasjonen til Sjálfstæðisflokkurinn, frå 1981 til 1985. Frå 1983 til 1987 var han rådgjevar for de inslandske finansministeren.[2] Haarde har vore alltingsrepresentant for Sjálfstæðisflokkurinn sidan 1987. Han var seinare parlamentarisk leiar frå 1991 til 1998, og formann i utanrikskomitéen i Alltinget frå 1995 til 1998.[2][3] Haarde var finansminister frå april 1998 til september 2005, og var deretter utanriksminister fram til juni 2006. Han vart samrøystes vald til partileiar for Sjálfstæðisflokkurinn i oktober 2005, etter at Davíð Oddsson trekte seg. Haarde vart statsminister under president Ólafur Ragnar Grímsson i 2006.[4]

23. januar 2009 annonserte han den komande avgangen sin som partileiar og statsminister.[5] Etter fleire dagars protestar mot den islandske regjeringa, og krav om at han måtte gå av, heldt han ein pressekonferanse der han både informerte om at han har kreft i matrøyret og at det vil verte halde nyval. Sjálfstæðisflokkurinn sitt fremlegg til valdag er 9. mai 2009. 26. januar 2009 kunngjorde Haarde at han trekte seg som statsminister, etter ei ny veke med daglege protestar utanfor regjeringskontora.[6] Jóhanna Sigurðardóttir har teke over og danna regjering fram til valet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]