Geirr Lystrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geirr Lystrup
Fødd22. mars 1949 (75 år)
FødestadVinje kommune
OpphavNoreg
Aktiv1960–
Sjangervise
Instrumentvokal
Verka somskribent, songar, musikar, komponist, gitarist, barnebokforfattar, lyrikar, skodespelforfattar
FarSigmund Lystrup
PrisarHedmark fylkeskommunes kulturpris, Kardemommestipendiet, Spellemannprisen i åpen klasse, Spellemannprisen i visesang, Spellemannprisen for årets barneplate, Spellemannprisen for årets barneplate, Spellemannprisen for årets barneplate, Prøysenprisen

Geirr Lystrup (fødd 22. mars 1949) er ein prisløna norsk visesongar, gitarist og låtskrivar frå Vinje i Telemark. Han har vore busett i Brumunddal sidan 1983.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Geirr Lystrup voks opp med ein far som var prest, men som eigentleg hadde ynskt å bli skodespelar. Då dette ikkje vart akseptert i samtida hans, vart faren prest som sin eigen far, men dreiv mykje med kunstmåling på fritida. Ifylgje han sjølv hadde Geirr Lystrup ei sterk fridomslengt og eit behov for å skapa sitt eige rom og sitt eige liv. Difor heldt Geirr Lystrup lenge det kyrkjelege på avstand.[1]

Lystrup debuterte som artist i 1972 med LP-en Ti på taket og måltrostblues. Alle songane på plata var henta frå ei visebok og gitarlærebok som heitte Egon Gruphs reise i virkeligheten. Produsenten var Knut Petter Knutsen og fleire kjende jazzmusikarar var med som ensemble. Oppfylgjarplata kom i 1975, og fekk tittelen Strengleikar. Dette var ei instrumentalplate med mykje klassisk gitar, med Nils B. Kvam som produsent. Lystrup gjorde her også ein versjon av Kjerringa med staven saman med Ånon Egelandhardingfele.

Allereie året etter kom Ut av din draum ut, der Lystrup igjen spelte med eit jazz-ensemble, men der tekstane vart vortne meir politiske. I 1977 gav han ut Grendevisur og danselåt, der Steinar Ofsdal deltok. På plata skildra Lystrup si eigekomponerte grend med persongalleri. Nokre av hovudpersonane var «Asbjørn sauesankar», «Gro vaskekjerring» og «Abraham kramkar». Grendevisur og danselåt var tettare knytt opp mot norsk folkemusikk, særleg til tradisjonen i heimstaden Vinje.

I 1977 flytte Lystrup til Grønland, der han budde eit år. Etter opphaldet der, gav han ut plata I menneskenes land i 1979, der han sjølv låg naken på eit svaberg på omslagsbiletet, med grønlandske isberg i bakgrunnen. Plata kritiserte europearane si framferd mot inuittane på Grønland, og kom ut midt i debatten om landet skulle få sjølvstende frå Danmark. Musikkgruppa Vårsøg med Henning Sommerro spelte saman med Lystrup på denne plata.

Åttiåra[endre | endre wikiteksten]

I 1981 gav Lystrup for fyrste gong ut plate på eige selskap; Juni. Songen om kjærligheta var ein samproduksjon mellom han sjølv og Det norske kammerkor under dirigent Per Oddvar Hildre. Erik Hillestad frå Kirkelig Kulturverksted var produsent, og Henning Sommerro arrangør. Songen om kjærligheta var den fjerde av Lystrup sine plater som vart nominert til Spellemannprisen, men denne gongen vann han prisen for fyrste gong under Spellemannprisen 1981 i open klasse. Same året gav han også ut Kom sol på alle mine berg, som bestod av viser med tekst av Halvor J. Sandsdalen og musikk av Sigmund Groven.

To år seinare gav han ut Ha ti dæ! med gamaldanslåtar frå Gudbrandsdalen. I 1985 gav han så ut Diger dag, før Egg & Champagne kom i 1988. På sistnemnte spelte han med Geir Otnæstrekkspel, Hege Rimestadfele og Geir Løvoldtuba. Denne plata vann han Spellemannprisen 1988 for, denne gongen i klassa for visesong.

Nittiåra til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 1990 gav Geirr Lystrup ut si fyrste barneplate; Marius og den store barnålkrigen, der Maj Britt Andersen song. Dessutan gav Lystrup ut den nye viseplata Sommar i september i 1992, og i 1993 vart fleire av dei gamle LP-ane utgjevne i CD-format. I 1994 kom neste barneplate, Brakar og Joanna. Rundt denne tida reiste Geirr Lystrup mykje rundt på turné i Skandinavia, og neste plate kom difor ikkje før i 1996. Den fekk namnet I Junis hjerte, og var inspirert av samba og bossa nova.

Også etter dette har Lystrup gjeve ut ei lang rekkje plater både åleine og i samarbeid med andre, samt skrive songbøkene Våre beste barnesanger 1 og 2. I 2011 kom han i søkjeljoset då PST sette i gang tryggingstiltak rundt Lystrup. Dette var fordi han hadde gjeve ut barneboka Fortell fra Spania, Tobben!, som handla om europeisk og arabisk kultur. Boka var illustrert av danske Kurt Westergaard, som tidlegare har teikna karikaturteikningar av profeten Muhammed i Jyllands-posten.[2]

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1972: Ti på taket og Måltrostblues
  • 1973: Strengleikar
  • 1976: Ut av din draum
  • 1977: Grendevisur og danselåt
  • 1979: I menneskenes land
  • 1981: Songen om kjærligheta
  • 1981: Kom sol på alle mine berg
  • 1983: Ha ti dæ!
  • 1985: Diger dag
  • 1988: Egg & champagne
  • 1990: Maurits og den store barnålkrigen
  • 1992: Sommar i september
  • 1994: Brakar og Johanna
  • 1996: I Junis hjerte
  • 1998: Blå sko
  • 1999: Krystallslottet
  • 2002: Stjerna fra øst
  • 2003: Fly som en stein (med Hege Rimestad)
  • 2005: Samme gamle greia
  • 2005: Sangen om Yebo
  • 2007: Sangen om Vasana
  • 2008: Sangen om Omis
  • 2009: God tid

Nokre prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar