Geitanger

Koordinatar: 60°23′41″N 5°04′14″E / 60.39472°N 5.07056°E / 60.39472; 5.07056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Geitanger
Geografi
Stad Hjeltefjorden
Koordinatar 60°23′41″N 5°04′14″E / 60.39472°N 5.07056°E / 60.39472; 5.07056

Høgaste punkt Storhaugen (49 moh.)
Høgaste punkt 68 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Tjønna ved Monsegaard

Geitanger (gammalt lokalt namn Geitung) er ei øy i Øygarden kommune vest for Bergen. Øya er utan bilar og forholda er gode for fiske og dykking. Talet på innbyggjarar var i 2006 under ti.

Øya ligg inst i Hjeltefjorden og innbyggjarane her har i tidlegare tider livnært seg på fiske og enkelt landbruk. Fiske- og landbruksvarene vart hovudsakleg seld på Fisketorget i Bergen. Varene vart frakta med Oselvar frå øya til hamna i Bergen.

Dei seinare åra har det vore villsau på Geitanger som medverkar til å ivareta delar av kulturlandskapet på øya. Øya bestod tidlegare av store lyngheier, men har i dag fått tilvekst av gran og furu som i hovudsak er planta i kommunal regi. Lyngheiene på Geitanger har vist seg å vere gunstig for honningproduksjon. Rundt på øya finst ei rekkje steingardar som framleis er godt synleg i terrenget.

Transport til Geitanger er sjøvegen frå staden KnappskogSotra til vestsida av øya der det finst ein djupvasskai og hamna Keilo. Sør på Geitanger er det etablert ei gjestehamn med servering om sommaren.

Folketalsutvikling:

1801[1] 1900[2] 1950[3]
21 36 35

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fjell herred, frå Digitalarkivet
  3. Halvor Skurtveit et al. (red.), Fjell bygdebok, bd. IV (Fjell kommune, 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Geitanger