Geitost

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geitost er ostar med geitemjølk som hovudingrediens. På norsk blir ordet geitost i utgangspunktet bruka om brun geitost (brunost av geitemjølk — òg kalla «ekte geitost»), men det er òg vanleg å seia «geitost» om brunost generelt. Andre typar geitost er som regel kvite. I område med mykje geitehald kan ein finna eit utal geitostar.

Crottin de Chavignol
Fetaost er laga med mjølk frå geit og sau.

Franske geitostar blir gjerne kalla chèvre, som tyder geit. Nokre typar er Brique chèvre, cabécou, chabichou du Poitou, chabis, chevret, Pélardon, Pouligny Saint-Pierre og valençay.

Cabreiro de castelo branco og rabaçal er portugisiske geitostar.

I Hellas lagar ein halloumi og feta av blanda geite- og sauemjølk.

Den katalanske mató kan ein lage av geite- eller sauemjølk.