Geitrams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geitrams


Geitrams
Geitrams

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Underorden:
Familie: Onográceae (Mjølkefamilien)
Slekt: Chamaenérion Adans.
el. Epilóbium = L.
Art: C. angustifólium
Vitskapleg namn
Chamaenerion angustifolium

Geitrams ( Chamaenérion angustifólium) er ein meterhøg fleirårig plante i mjølkefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Geitrams har krypande jordstengel og ugreina tettblada stengel. Han blomstrar i juli med mørkraude begerblad og store fiolettraude kronblad. Frøkapselen er dunhåra, og på hausten kan lufta nesten verte fylt med flygande geitramsfrø.

Planten vert meterhøg eller meir.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Geitrams veks på tørre , solrike stader. Typiske voksestader er branntomter, hogstflater og vegkantar, men han veks òg i skog og på annan eng, men han utviklar seg dårlegare, og blomstar ikkje, på skrinn mark.

Geitramsen veks over heile Europa, nesten heile Asia og Nord-Amerika og Grønland; i Noreg høgt over tregrensa.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Dei dunhåra frøa har vore samla, reinska og spunne til tråd, helst i blanding med bomull. Dei er òg brukte til å spinne veker.

Røtene er tørka og malne til mjøl, og det er brygga mjød og eddik på dei. Dei unge lyse stengelskota er brukte som grønsaker, og blada er brukte i salat. Blada er òg tørka og brukt som forfalsking for te. Slik te vil smake noko bitter.

Ei teikning av blomstrande geitrams pryder pappen som Tine BA sel skumma mjølk i. Geitrams er fylkesblomster i Hedmark.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]