Gela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gela
Kysten nær Gela med Gela i bakgrunnen
Kysten nær Gela med Gela i bakgrunnen
Plassering
Gela is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Sicilia
Caltanissetta
Borgarmeister Rosario Crocetta
Geografi
Flatevidd
 - By

276 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

77 260
  262/km²
Koordinatar 37°4′″N 14°15′″EKoordinatar: 37°4′″N 14°15′″E
Høgd over havet 46 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 93012
Telefon-retningsnummer 0933
Nettstad: www.comune.gela.cl.it

Gela er ein by i provinsen CaltanissettaSicilia i Italia med om lag 75 000 innbyggjarar. Han ligg sør på øya ved Middelhavet, om lag 84 km frå byen Caltanissetta, on the Mediterranean Sea. Byen har fleire innbyggjarar enn provinshovudstaden.

Gela er eit viktig industrisenter og ein hamneby. Ein viktig industri er petroleumsraffineriet som ligg her.

Gela er kalla opp etter elva med same namn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd rundt 688 fvt. av kolonistar frå Ródos og Kreta, 45 år etter Siracusa vart grunnlagd. Byen voks raskt og etter berre hundre år oppretta ei gruppe kolonistar frå byen kolonien Agrigento. Under tyrannen Hippocrates erobra Gela Callipoli, Leontini, Naxos, Hergetios og Zancles, dagens Messina. Berre Siracusa, med hjelp frå Korint og Kérkyra, klarte å sleppe unna ekspansjonen til Gela. Hippocrates starta krig mot Siracusa etter at kolonien deira Camarina gjorde opprør. Han omleira Siracusa, men trekte seg til slutt tilbake for å ta Camarina i staden. Hippocrates vart etterfølgd av Gelo, som i 484 fvt. erobra Siracusa og flytta setet sitt her. Bror hans Hiero fekk kontroll over Gela. Då Theron av Agrigento erobra Himera og ein hær frå Kartago gjekk i land på Sicilia for å møte han, bad han om hjelp frå Gela og Siracusa. Gelo og Hiero vann slaget ved Himera, der den kartagiske føraren Hamilcar mista livet.

Etter Gelo døydde flytta Hiero til Siracusa og Gela vart langt mindre viktig. I 406 fvt. vart han plyndra og øydelagd av kartagarane og i 311 fvt. erobra dei byen. Under Romartida høyrer ein lite om byen, og under Austromarriket vart han eit mindre senter. Arabarane tok seinare byen og han var då kjend som «Søylebyen».

Den moderne byen vart grunnlagd i 1233 av Fredrik II med namnet Terranova, som han var kjend under fram til 1928. Den nye busetnaden låg vest for antikkens Gela og fekk ei borg og bymurar. Terranova var underlagd kongen fram til 1369, då kong Fredrik III av Aragon gav han til Manfredi III Chiaramonte. Seinare kom han inn under fleire aragonesiske familiar.

I 1928 fekk byen namnet Gela igjen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gela

Kjelder[endre | endre wikiteksten]