Gelsenkirchen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gelsenkirchen
Gelsenkirchen Altstadt Panorama.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Gelsenkirchen
Gelsenkirchen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Münster
Kreisfri by
Geografi
Flatevidd
 - By

104,8 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2007)
   - folketettleik

266 772
  2 545/km²
Koordinatar 51°31′0″N 7°6′0″EKoordinatar: 51°31′0″N 7°6′0″E
Høgd over havet 60 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 45801-45899
Telefon-retningsnummer 0209
Bilnummer GE
Heimeside: www.gelsenkirchen.de

Gelsenkirchen er ein by i delstaten Nordrhein-Westfalen i Tyskland. Byen ligg i Ruhrområdet ved elva Emscher. Innbyggjartalet er om lag 265 000 (2007).

Gelsenkirchen vart første gong omtala skriftlege kjelder i 1150, men byen var ein liten landsby fram til 1800-talet. Den industrielle revolusjonen førde til stor økonomisk vekst i heile området. I 1840, då ein byrja å utvinna kol, budde det 6000 innbyggjarar i Gelsenkirchen. I 1900 hadde folketalet stege til 138 000.

Byen sin kolindustri synte seg å vera viktig for Tyskland under andre verdskrigen og for utviklinga av oljeindustri fram til i dag. For å kunne vera sjølvforsynt med olje, vart det før krigen starta oljeproduksjon basert på kol. Dette var starten på oljeselskapet Veba Öl AG, som mellom anna forsynte bensinstasjonane til føretaket Aral. I 2001 vart Veba Öl seld til oljeselskapet BP.

Fotballklubben FC Schalke 04 er frå Gelsenkirchen. Schalke si heimebane, Veltins-Arena, vert rekna for å vera eit av dei mest nyskapande stadionanlegga som er bygd dei siste åra.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gelsenkirchen

Kjelde[endre | endre wikiteksten]