Minuskel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gemen)

Minuskel, også kalla gemen, er innanfor typografi det som til dagleg vert kalla liten bokstav, altså a, b, … i motsetning til A, B, … som vert kalla majuskel eller versal. Omgrepet minuskel er nyttig i språket fordi ein unngår fleirtyding. Medan uttrykket «liten bokstav» også kan bety «bokstav sett i liten type», som refererer til den fysiske storleiken på ein bokstav, kan minuskel og majuskel tolkast på berre éin måte.

Ordet minuskel kjem frå latin minuscula (littera), liten (bokstav). Ordet gemen kjem frå lågtysk gemen(e) og tysk gemein, allmenn, og refererer til at minusklane er dei bokstavane det er flest av i sett tekst.