Gemilerøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gemilerøya (Gemile Adasi) | |
| øy | |
| Land | |
|---|---|
| stad | Middelhavet nær Fethiye |
| - koordinatar | |
| Lengd | 1 km |
Gemilerøya er ei øy utanfor kysten av Tyrkia nær byen Fethiye. På øya står restane av fleire kyrkjer bygd mellom 300- og 500-talet, samt fleire tilknytte bygg, bygd under Austromarriket. Arkeologar trur at St. Nikolas vart gravlagde her.[1] Ei av kyrkje vart skoren ut i berget på det høgaste punktet på øya.
Det tradisjonelle tyrkiske namnet på øya er Gemiler Adası, som tyder Båtøya. Øya vart òg kalla St. Nikolasøya av sjømenn i mellomalderen, og St. Nikolas var vernehelgen for sjømenn.[1] Arkeologar trur at helgenen vart gravlagd i den utskorne kyrkja då han døydde i 326. Leivningane vart verande der til 650-åra då øya vart fråflytta etter at ho vart truga av ein arabisk flåte. Leivningane vart teken med til byen Myra 40 km lenger aust.[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gemiler Island» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: