Gen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gener blir gjerne lagra i kromosom.

Eit gen er ein sekvens av basepar i eit DNA-molekyl som kan danna grunnlaget for eit RNA-molekyl ved transkripsjon. De fleste gen kan ved det sentrale dogmet vidare koda for eit eller fleire protein, som direkte eller indirekte kan påverka ulike eigenskapar ved ein bestemt organisme. Gen vert arva frå foreldre til avkom, sidan det utgjer ein del av arvestoffet DNA. Mennesket har om lag 25 000 gen med totalt 3 milliardar basepar.

I daglegtalen viser gen ofte til ein særskild arveleg eigenskap, som augefarge, kroppsbygnad eller anlegg for å utvikla arvelege sjukdommar.

Gen hjå eukaryotar[endre | endre wikiteksten]

Me ser her på transkripsjon av mRNA. Tilsvarande prosessar gjeld for rRNA, tRNA og andre typar RNA.

Hjå ein eukaryot organisme er eit gen samansett av ei rekkje intronsekvensar og eksonsekvensar. I tillegg startar eit gen med ein promotor og det ender med ein terminator. Transkripsjonen av eit gen startar ved at RNA-polymerase bind seg til promotoren og byrjar å produsera umoden mRNA. Produksjonen av umoden RNA føregår samtidig med at RNA-polymerasen vandrer langs templattråden på DNAet og avsluttast ikkje før RNA-polymerasen har nådd terminatoren. Ferdig umoden RNA er då komplementær til heile templattråden; både intronar og eksonar. Ved RNA-prosessering kan alle intronane og eit utval eksonar fjernast, og me får moden mRNA. Moden mRNA kan ta ulik form, avhengig av kva eksonar som er fjerna, og kvar ulik form koder for eit bestemt protein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]