Gene Krupa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gene Krupa

Gene Krupa (15. januar 190916. oktober 1973) var ein amerikansk trommeslagar.

Krupa byrja å spele trommer i ung alder, og deltok på si første plateinnspeling i Chicago i 1927. To år seinare flytta han til New York, og i 1935 byrja han i Benny Goodman sitt storband. Han vart her kjend for sitt spektakulære sceneshow.

Krupa gjorde stor suksess i bandet til Goodman, og han nådde stjernestatus med den karakteristiske låten «Sing, sing, sing» i 1938. Same året slutta han i bandet, og byrja for seg sjølv. Solokarrieren stogga brått då Krupa vart arrestert for misbruk av narkotika i 1943, men etter han vart frikjend gjekk han tilbake til Goodman, og seinare Tommy Dorsey, og i 1951 byrja han som bandleiar att. I løpet av 1950- og 1960-åra spelte han inn fleire plater, både som bandleiar og med andre artistar, og han reiste på mange turnear for Jazz at the Philharmonic før han trekte seg tilbake frå rampelyset.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]