Gene Wilder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gene Wilder

Gene Wilder (fødd 11. juni 1933) er ein USA-amerikansk skodespelar fødd i Wisconsin som Jerome Silberman. Han er kjend for rollar i filmane Blazing Saddles, The Producers og Young Frankenstein, der han arbeidde saman med Mel Brooks, og fire filmar laga med Richard Pryor: Silver Streak, Stir Crazy, See No Evil, Hear No Evil og Another You, og som Willy Wonka i Willy Wonka & the Chocolate Factory frå 1971.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Wilder blei fødd i Milwaukee i Wisconsin i ein familie av innvandra russiske jødar. Han studerte drama ved University of Iowa der han gjekk ut i 1955, og var seinare student ved Bristol Old Vic Theatre School i England. I 1960-åra blei han kjend for Broadway-rollar i skodespela The Complaisant Lover og Roots. Den første filmrolla hans var i Bonnie and Clyde-filmatiseringa frå 1967, der han spelte ein gravferdsagent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kunstartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.