Generalbass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på ein generalbass-notasjon med basslinje, besifring og i lys skrift eit forslag til oppbygging av akkordar

Generalbass eller basso continuo (italiensk uavbroten bass) er ein akkompagnemensteknikk som oppstod i overgangen til barokken då musikkidealet i renessansen med fleire sjølvstendige stemmer (polyfoni) vart erstatta med ei enkelt melodistemme over eit eller fleire akkompagnerande instrument (monodi).

I barokkmusikken har melodistemma fokus, medan generalbassen dannar den harmoniske grunnstrukturen og improviserte mellomstemmer fyller ut lydbiletet.

Akkordane til generalbassen vart ikkje skrivne ned, men besifra (jfr. gitarbesifring) med tal og andre symbol. Detaljane rundt akkordane vart overlatt til utøvaren som ofte improviserte stemma si. Medan moderne utgåver gjerne gjev ein ferdig akkordgang i noteskrift kunne særs tidleg musikk heilt mangle besifring slik at musikarane sjølv valde akkordar ut frå den musikalske samanhengen.

For å spele akkordane brukte ein fleirstemmige instrument som regal (i tidlegbarokken, dette instrumentet gjekk snart av mote), orgel, orgelpositiv, cembalo, spinett, lutt, teorbe, gitar eller harpe. Sjølve bass-stemma vart ofte spelt på eit bassmelodiinstrument som til dømes cello, kontrabass, bassgambe, fagott, bassdulzian, posaune og rankett.

Ofte vart det ikkje gjeve generalbass-instrument slik at utøvarane hadde fridom til å velje etter kva ein hadde tilgjengeleg eller kva ein syntes passa musikken best.

I større orkester var det gjerne fleire akkord- og bassmelodiinstrument som spelte vekselvis eller saman. Titlane på mange barokkstykke nemner at musikken skal utførast med ein slik continuo-gruppe som til dømes J. S. Bach sin Konsert for 2 fiolinar, strykarar og continuo i d-moll.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Eit døme frå Johann Sebastian Bach sin Johannespasjon. Her vert resitativet (recitativo secco) ført an av «tørre» akkordar:

Notar frå Johannespasjonen
Notar frå Johannespasjonen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]