Generalfeltmarskalk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marskalk­stav for general­felt­marskalk von Richthofen

Generalfeltmarskalk (tysk Generalfeldmarschall, forkorta GFM) var den høgaste militære grada i den tyske, preussiske, sachsiske og austerriksk-ungarske hæren. Den blei berre tildelt aktive offiserar i krig. I motsetnad til andre offiserar, var generalfeltmarskalkar politisk utnemnde. Grada hadde fleire privilegium, mellom anna permanent eskorte. I 1870 blei prins Friedrich Karl og kronprins Friedrich Wilhelm dei første preussiske prinsane som blei utnemnde til generalfeltmarskalkar. I 1854 hadde grada Generaloberst blitt innført for å bli tildelt prins Wilhelm i fredstid; dette var ei grad med dei same privilegia, men formelt lågare rangert.

Den tilsvarande grada i marinen var storadmiral. Desse gradene er ikkje blitt brukt sidan den andre verdskrigen, og dei høgaste gradene i den tyske hæren og marinen i dag er general og admiral.

Grada som generalfeltmarskalk eksisterte i kurfyrstedømet og kongeriket Sachsen uavhengig av Preussen til dette blei ein del av det republikanske Tyskland i 1918.

Nokre kjende generalfeltmarskalker[endre | endre wikiteksten]

Kurfyrstelege Brandenburg og Preussen[endre | endre wikiteksten]

Tyskland (1870-1918)[endre | endre wikiteksten]

  1. 28. oktober 1870 - Friedrich Wilhelm von Preußen (1831-1888), hærførar i den tysk-franske krigen, tysk keisar og konge av Prøyssen i 1888
  2. 16. juni 1871 - Helmuth Graf von Moltke (1800-1891), «Den store tause», sjef for hærens overkommando
  3. 1. januar 1911 - Alfred Graf von Schlieffen (1833-1913), Sjef for hærens generalstab, hjernen bak Schlieffen-planen
  4. 2. november 1914 - Paul von Hindenburg (1847-1934), sjef for hærens generalstab, seinare president i Weimarrepublikken
  5. 27. januar 1915 - Karl von Bülow (1846-1921)
  6. 22. juni 1915 - August von Mackensen (1849-1945), populær tysk hærførar

Tyskland (1936-1945)[endre | endre wikiteksten]

- (L) = høyrer til Luftwaffe -

  1. 20. april 1936 - Werner von Blomberg (1878-1946), forsvarsminister 1933-1935, krigsminister: 1935-1938
  2. 4. februar 1938 Hermann Göring (1893-1945, sjølvmord) (L), øvstkommanderande for Luftwaffe
  3. 19. juli 1940 - Wilhelm Keitel (1882-1946, avretta), sjef for Wehrmachts overkommando
  4. 19. juli 1940 - Günther von Kluge (1882-1944, sjølvmord), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer)
  5. 19. juli 1940 - Erwin von Witzleben (1881-1944, avretta), arméførar
  6. 19. juli 1940 - Erhard Milch (1892-1972) (L), generalinspektør for Luftwaffe
  7. 19. juli 1940 - Gerd von Rundstedt (1875-1953), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer) og øvstkommanderande i vest
  8. 22. juni 1942 - Erwin Rommel "Ørkenreven" (1891-1944, tvungen til sjølvmord), øvstkommanderande for det tyske Afrikakorpset (seinare Hærgruppe Afrika) og Hærgruppe B i Nord-Frankrike
  9. 31. januar 1943 - Friedrich Paulus (1890-1957), øvstkommanderande for den 6. armé, kapitulerte i Stalingrad
  10. 1. februar 1943 - Ewald von Kleist (1881-1954), kommandant for panzergruppe Kleist, seinare Hærgruppe A, måtte avgå i 1944 på grunn av usemje
  11. 16. februar 1943 - Wolfram Freiherr von Richthofen (L), høgare offiser i Luftwaffe (Luftflottenführer)
  12. 1. mars 1944 - Walter Model (1891-1945, sjølvmord), høgare offiser i hæren (Heeresgruppenführer)
  13. 25. april 1945 - Robert Ritter von Greim (L), høgare offiser i Luftwaffe (Luftflottenführer) og mot slutten av krigen Göring sin etterfølgjar som øvstkommanderande for Luftwaffe

sjå også:

Militære grader
Land/luft Sjø
Offiserar generalfeltmarskalk · feltmarskalk · generaloberst · general · generalløytnant · generalmajor · brigadegeneral · brigader · oberst · oberstløytnant · major · rittmeister · vingkaptein · kaptein · premierløytnant · sekondløytnant · vingløytnant · løytnant · fenrik storadmiral · admiral · viseadmiral · kontreadmiral · flaggkommandør · kommandør · kommandørkaptein · orlogskaptein · kapteinløytnant løytnant · fenrik
Underoffiserar fanejunker · kommandersersjant · furer · stabssersjant · oversersjant · vingsersjant · sersjant flaggkvartermeister · kvartermeister I klasse · kvartermeister
Meinige soldatar korporal · visekorporal · flysoldat · Meinig Meinig · gast
Anna grenader · kadett matros · kadett