Generalkonsul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein generalkonsul er ein offisiell representant for ein stat i eit anna land, og leiar av eit generalkonsulat. Dei typiske oppgåvene for konsulata er å assistere og beskytte borgarane frå staten dei representerer i mottakarstaten, medan dei i liten grad representerer sendarstaten sine styresmakter i forhold til mottakarstaten. Desse oppgåvene blir varetatt av ambassader. Utferding av visum og nødpass har vore blant oppgåvene til konsulat og generalkonsulat.

Tittelen generalkonsul rangerar over konsul og visekonsul.

Konsulatvesenet består først og fremst av valde honorære generalkonsular, konsular og visekonsular. Dette er ofte privatpersonar med anna arbeid eller næringsverksemnd, som utfører konsuloppgåvene gratis eller mot eit beskjedent vederlag. Desse kan vere borgarar frå sendarstaten, borgarar frå mottakarstaten eller frå eit tredjeland. Vedkomande blir ikkje diplomat. Tidlegare blei desse også kalla «konsularagent».

Her er dessutan ein del generalkonsulat som er styrt av ein fast tilsett i utanrikstenesta, og med bemanning elles etter behov. Noreg har pr. juni 2009 11 slike generalkonsulat. Desse er alle i store byar i store land, land som Noreg har mykje handelssamkvem med.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]