Generaloberst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Generaloberst i Wehrmacht)
Generaloberst i NVA

Generaloberst var ei generalsgrad som fanst i Preussen, Tyskland, Austerrike-Ungarn og DDR.

Det var den høgaste regulære generalsgrada i den preussiske og i den tyske hæren. Den einaste grada over var generalfeltmarskalk, som berre blei tildelt i krig. Grada under generaloberst var general.

Grada blei oppretta i 1854 for å skaffe eit alternativ til generalfeltmarskalk som kunne tildelast i fredstid. Årsaka var at den preussiske kongen ville tildele prins Vilhelm denne grada, som innebar fleire privilegium, til dømes permanent eskorte.

Etter den tyske rikssamlinga blei grada tatt i bruk av den keisarlege hæren og var i bruk til etter den andre verdskrigen. Då Vest-Tyskland rusta opp igjen blei gradsystemet forenkla, og general blei høgaste grad. DDR sine styrkar, NVA, valde derimot å behalde grada generaloberst.

Grada blei også brukt i Austerrike-Ungarn under den første verdskrigen.

Militære grader
Land/luft Sjø
Offiserar generalfeltmarskalk · feltmarskalk · generaloberst · general · generalløytnant · generalmajor · brigadegeneral · brigader · oberst · oberstløytnant · major · rittmeister · vingkaptein · kaptein · premierløytnant · sekondløytnant · vingløytnant · løytnant · fenrik storadmiral · admiral · viseadmiral · kontreadmiral · flaggkommandør · kommandør · kommandørkaptein · orlogskaptein · kapteinløytnant løytnant · fenrik
Underoffiserar fanejunker · kommandersersjant · furer · stabssersjant · oversersjant · vingsersjant · sersjant flaggkvartermeister · kvartermeister I klasse · kvartermeister
Meinige soldatar korporal · visekorporal · flysoldat · meinig meinig · gast
Anna grenader · kadett matros · kadett