Gent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gent
Belfry i Gent
Belfry i Gent
Styresmakter
Land
Provins
Belgia
Aust-Flandern
Grunnlagd rundt 650
Geografi
Flatevidd
 - By

151,18 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

233 120
  1 493/km²
Koordinatar 51°03′″N 03°43′″EKoordinatar: 51°03′″N 03°43′″E
Diverse anna
Postnummer 9000-9052
Telefon-retningsnummer 09
Heimeside: www.gent.be
Plassering
Gent kommune og distrikt i provinsen Aust-Flandern.
Gent kommune og distrikt i provinsen Aust-Flandern.

Gent (engelsk:Ghent, fransk:Gand) er ein bykommune i den belgiske provinsen Aust-Flandern.

I mellomalderen var Gent den nest største byen i Nord-Europa etter Paris på grunn av sin store tekstilproduksjon.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hamna i Gent, nord i byen, er den tredje største i Belgia. Hamna er tilknytta havet gjennom Gent-Terneuzen-kanalen.

Universitetet i Gent og mange forskingsorienterte selskap held til i sentrum og sør i byen. Som den største byen i Aust-Flandern har Gent òg mange sjukehus, skular og kjøpesenter.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turismen er sterkt aukande og sysselset stadig fleire.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Mykje av mellomalderarkitekturen i byen er intakt og er svært godt vedlikehalden. Sentrum er det største bilfrie byområdet i Belgia. Interessante stader er St. Bavo-katedralen, klokketårnet, Gravensteenslottet og den utmerka arkitekturen langs den gamle hamna Graslei. Gent har ivaretatt ein fin blanding av notid og historie og er ikkje ein død museumsby. Byen inneheld òg eit vakkert operahus og fleire teater.

Restaurantar[endre | endre wikiteksten]

Som dei fleste belgiske byar har Gent eit rikt nasjonalt og internasjonalt serveringstilbod. Spesielt det hyggelege småhusområdet «Patershol» har mange resturantar. «Sleepstraat» litt lengre nord har mange tyrkiske restaurantar. Byen har elles eit rikt uteliv med mange konsertar.

Festivalar[endre | endre wikiteksten]

Gent er vertskap for nokre store festivalar, som den store Gentse Feesten (bokstavleg «Gentfesten»), I Love Techno, Flanders International Film Festival Ghent og Festival van Vlaanderen (Flandernfestivalen).

Museum[endre | endre wikiteksten]

Gravensteenslottet frå 1100-talet

Viktige museum i Gent er Museum voor Schone Kunsten (Museum of Fine Arts), med bilete av Hieronymus Bosch, Jean Fouquet og mange flamske kunstnarar; SMAK (Stedelijk Museum voor Actuele Kunst (Bymuseet for Samtidskunst)), med verk frå 1900-talet av m.a. Joseph Beuys og Panamarenko; og Designmuseet. Det er òg eit museum som presenterer Gent sin industrielle styrke, Museum voor Industriële Archeologie en Textiel (MIAT). Her har ein gjenskapt verkstader og butikkar frå 1800-talet og kan sjå vevemaskinane som står igjen i denne bygningen. Gravensteenslottet er òg eit museum som viser slottet si utvikling sidan det vart bygd i 1180. Ein del av slottsmuseet er òg via gamle tourturreiskapar.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Dei to store store Europavegane E17 og E40 kryssar ved Gent. Byen har òg den tredje største jernbanestasjonen i Belgia. Lokalt er det bussar og trikkar som dominerer kollektivtrafikken. Gent er særs godt tilrettelagt for syklistar. Mange av dei gamle torga er bygd om og har no fleire etasjar med parkeringshus under seg.

Kjende personar frå Gent[endre | endre wikiteksten]

Graslei er ein av dei vakraste stadane i Gent sentrum. Bygningen på hjørnet er det gamle postkontoret (med eit lite klokketårn) og lenger bak til høgre ser ein dei tre Gent-tårna.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gent