Gent-traktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Signing of the Treaty of Ghent, Christmas Eve, 1814 av Amédée Forestier.
Minnetekst i Gent til 150-årsjubileet for avtalen.

Freden i Gent eller Gent-traktaten var ein fredsavtale underskriven den 24. desember 1814 i Gent i noverande Belgia. Traktaten gjorde offisielt slutt på 1812-krigen mellan USA og Storbritannia. Krigshandlingane heldt fram til 1815, ettersom meldingar om freden ikkje nådde Nord-Amerika]] før slaget ved New Orleans hadde stått i januar dette året. Hovudsakleg gjekk avtalen ut på å gjenoppretta tilhøva til slik dei hadde vore ved krigsutbrotet (status quo ante bellum).

Forhandlingar[endre | endre wikiteksten]

Den britiske delegasjon bestod af dei mindre diplomatane William Adams, James Lord Gambier og Henry Goulburn. Møte blei ofte forsinka i ei veke eller meir ettersom dei britiske diplomatane ikkje hadde mynde til å forhandla visse punkt, og måttte venta på ordre frå London. Den amerikanske delegasjonen - John Quincy Adams, James A. Bayard, Sr., Henry Clay, Albert Gallatin og det yngre medlemmet Jonathan Russell - hadde full forhandlingsautoritet.

Gent-traktaten blei godkjend av det britiske parlamentet den 30. desember og av kongressen og senatet i USA i februar 1815. President James Madison utveksla ratifiseringsdokument med ein britisk diplomat i Washington den 17. februar, og traktaten blei offentleggjort den 18. februar.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Traktaten gjenopretta tilstanden mellom dei to landa til slik han hadde vore før krigen. Han gav altså ingen endringar i territorium, men USA heldt på visse tidlegare spanske område, som ikkje var omfatta av avtalen. Krigsfangar skulle sendast tilbake til sine respektive heimland. Krigsårsakane, som åtak på handelsskip og sjøfolk og handelsblokadar, blei ikkje nemnd i avtalen.

Mykje av avtalen, som planane om felles kamp mot slavehandel og visse rettar for amerikanske urfolk, førte aldri til noko meir. Men fredsavtalen symboliserte ei byrjing på samarbeid mellom dei tidlegare fiendane Storbritannia og USA. Både 1812-krigen og avsluttinga av han gav USA større tru på seg sjølv som maktnasjon. Han gjorde også at den britiske kolonien Canada fekk ein tydelegare identitet som eiga eining.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Gent-traktaten» frå Wikipedia på dansk, den 30. mars 2014.
  • American Military History: Army Historical Series. Chapter 6: The War of 1812. Center of Military History, U.S. Army, Washington, DC, 1989. Official US Army history, available online.
  • Bemis, Samuel Flagg. John Quincy Adams and the Foundations of American Foreign Policy (1950).
  • A. L. Burt. The United States, Great Britain and British North America from the Revolution to the Establishment of Peace after the War of 1812, 1940 (Online Edition.
  • Engelman, Fred L. The Peace of Christmas Eve (1962), popular account; online excerpt from American Heritage Magazine (Dec 1960) v 12#1.
  • Donald R. Hickey. The War of 1812: A Forgotten Conflict (1990) pp. 281-98.
  • Perkins, Bradford. Castelereagh and Adams: England and the United States, 1812-1823, 1964.
  • Robert Vincent Remini. Henry Clay: Statesman for the Union (1991) pp. 94-122.
  • www.army.mil American Military History, Army Historical Series, Kp. 6, s. 123
  • W.G. Dean et al. (1998). Concise Historical Atlas of Canada. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gent-traktaten
Wikisource

Teksten til Gent-traktaten ved Wikisource.