Gentile da Fabriano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kongane tilber, 1423
Maria med Jesusbarnet, helgenar og donator

Gentile di Niccolò di Giovanni Massi (ca 13701427), betre kjend som Gentile da Fabriano, var ein italiensk målar under seingotikken, verksam i Firenze og fleire italienske byar. «Kongane tilber» vert rekna som sjølve meisterverket til Gentile.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gentile var fødd i Fabriano i Marche. Han var truleg elev av Allegretto Nuzi. Mot slutten av hundreåret arbeidde han i heimbyen, kring om 1408/09 i Venezia. I 1409 fekk han i oppdrag å utsmykke Dogepalasset i Venezia med freskar, eit arbeid som vart fullført av målaren Pisanello.

Seinare var Gentile da Fabriano verksam i Brescia med oppdrag for Pandolfo III Malatesta. I 1422 fekk han medlemskap i målarlauget i Firenze. I den byen finn ein meisterverket «Kongane tilber» i Santa Trinita-kyrkja. I dette biletet sameinar Gentile naiv forteljarglede med høvisk eleganse og detaljrikdom; den skulpturelle forma som figurane har, er eit kjenneteikn for overgangen mellom seingotikken og renessansen.

Gentile arbeidde også i Siena og til sist i Roma. Kring 1426 vart han oppmoda av pave Martin V til å begynne på ein syklus som er vigd livet til Johannes Døyparen. I ei kyrkje i Roma, tileigna Johannes, måla han freskar frå Johannes sitt liv. Også dette verket vart fullført av Pisanello. Men det einaste freskomåleriet som er bevart er i domkyrkja i Orvieto.

Gentile da Fabriano var den første i ei rekke av framifrå målarar frå Umbria. Han var den viktigaste italienske representanten for den kunstretninga som vert kalla for internasjonal gotikk. Historisk viktige målarar som Pisanello og Jacopo Bellini var mellom elevane hans. Hans elegante stil hadde stor innverknad på mange florentinske målarar som var aktive i kjølvatnet av han. Denne stilen danna motstykket til den realismen som Masaccio nytta i sine verk.

Gentile da Fabriano døydde i Roma.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gentile da Fabriano