Geodesi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Variasjonar i tyngdekrafta på havoverflata (1 milligal = 1 milliontedel av tyngdekrafta).

Geodesi (gammalgresk. γῆ (gé, «jorda») og δαίζειν (daízeïn, «deler») er vitskapen om oppmålinga og avbildinga av jodeoverflata. Dette omfattar oppmåling av jorda sin geometriske form og oppbygginga av jordoverflata (geoid, terreng), tyngdefeltet og jorda sin orientering i verdsrommet (jordrotasjonen). Geodesien dannar grunnlaget for oppmålinga av jordkloden.

I matematikken blir omgrepet geodetisk brukt om den teoretisk kortaste avstanden mellom to punkt på ei krum flate – den geodesiske linja, noko som motsvarar ein storsirkel (ortodrom) på jordkula.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Geodesi