Geografisk mil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Geografisk mil er ei utgått lengdeeining brukt i Skandinavia og Tyskland, og av den danske astronomen Ole Rømer definert som 115 av ei ekvatorgrad, eller 7421,43 m. Da meterkonvensjonen vart innført i Noreg i 1875, vart det fastsett at den geografiske mila skulle reknast til 7421 m. Samstundes vart det fastsett at ei sjømil skulle reknast lik ei geografisk mil. Denne geografiske mila er følgjeleg vel fire gonger så lang som ei engelsk Geographical mile. Den geografiske mila gjekk ut or bruk i Noreg i 1929, då den nautiske mila (lik ca 1852 m) vart innført.