Geografisk sone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den intertropiske, tempererte & polare sonen
Kart over årsmiddeltemperaturen som ein funksjon av plassering.

Ein geografisk sone er ei av dei fem breiddegradsregionane ein kan dele jordoverflata inn i. Skilnaden mellom dei er knytt til klima og korleis sola påverkar dei. Sonen er som følgjer:

I tropane er sola direkte over hovudet minst ein gong i året. På den nordlege halvkula flyttar sola seg nordover frå ekvator til han når 23,5 ºN (den nordlege vendekrinsen) ved solkverv i juni, før ho flyttar seg sørover mot ekvator. På den sørlege halvkula, flyttar sola seg sørover frå ekvator fram til 23,5 ºS (den sørlege vendekrinsen) ved solkverv i desember, før ho flyttar seg nordover til ekvator. Sola kryssar ekvator to gonger kvart år under jamdøger. Tropane er av dei varmaste områda i verda med to årstider, nemleg ei tørketid og ei regntid. Denne sonen omfattar det meste av Afrika, det sørlege Asia, Indonesia, Ny-Guinea, det nordlege Australia, det sørlege Mexico, Mellom-Amerika og det nordlege Sør-Amerika.

I dei to tempererte sonene står sola aldri direkte over hovudet på ein, klimaet er mildt og varierer frå varmt til kjølig. Dei fire årstidene, vår, sommar, haust og vinter skjer i desse områda. Den nordlege tempererte sonen omfattar Europa, det nordlege Asia, Nord-Amerika og det nordlege Mexico. Den sørlege tempererte sonen omfattar det sørlege Australia, New Zealand, det sørlege Sør-Amerika og Sør-Afrika.

Dei to polarregionane har midnattssol og mørketid i delar av året. Grensa av sonen opplever ein dag ved solkverv med midnattssol, medan ein midt i sonen (polane) har ein dag som i røynda er eit år lang med seks månader dagslys og seks månader mørke. Polarregionane er dei kaldaste områda av jorda og mykje av området er dekt av snø og is. Den nordlege polarregionen (Arktis) omfattar det nordlege Canada og Alaska, Grønland, det nordlege Skandinavia, det nordlege Russland og sjølve Arktis. Den sørlege polarregionen (Antarktis) består av Antarktika.

Utkantane av dei tempererte sonane vert stundom òg kalla subtropane, subarktis og subantarktis.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ideen om ei geografisk sone vart først lagt fram av den grekaren Aristoteles i antikken.[1] Han sa at jorda var delt inn i tre klimasoner, basert på avstanden frå ekvator.

Han meinte at området nær ekvator var for varmt til at ein kunne bu der, og kalla derfor regionen rundt ekvator for «den steikande sonen». Han tenkte seg at område frå polarsirkelen til polen var permanent tilfryst, og kalla denne sonen for «den iskalde sonen». Det einaste området Aristoteles meinte var mogeleg å bu i var «den tempererte sonen», som låg mellom desse to. Mennesket har derimot busett seg i nesten alle klimasoner på jorda, inkludert innanfor polarsirklane.

Kartet til Aristoteles var særs forenkla, men den generelle ideen var likevel riktig. I dag er det mest vanlege klimakartet Köppen si klimaklassifisering, utvikla av den russisk-tyske klimatologen Wladimir Köppen (1846–1940), som delte inn verda i fem store klimasoner, basert på årsmiddelnedbør, månadsmiddelnedbør og månadsmiddeltemperatur. .

Köppen sitt kart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aristotle, Meteorologi, Bekker-tal 362a33-362b29