Geokjemisk kart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geokjemiske kart er kart som syner variasjonen av utvalde grunnstoff over eit område på jordoverflata. Ved hjelp av kjemiske analysar av bergartar, sediment frå jord, elv eller innsjø, torv, planterøter og meir, kan ein utarbeide desse karta.

Geokjemiske kart er viktige under leiting etter naturressursar, for forureiningsstudiar, miljøvern, helseforsking (geomedisin), landbruk og arealforvaltning.

I Skandinavia vart det det i 1980-åra utført eit geokjemisk kartleggingsprosjekt nord for 66 ºN kalla Nordkalott-prosjektet. Mellom anna vart det påvist luftboren nikkelforureining frå Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]