Geokjemisk prospektering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geokjemisk prospektering er ein undersøkingsmetode der ein nyttar kjemisk analyse av mange prøvar på jordoverflata til å leite etter råstoff.[1] I denne metoden kan ein systematisk måla sporstoff eller kjemisk påverka eigenskapar i prøvar frå jord, sediment, stein, mikroorganismar, plantar, dyr og gassar.[2]

Når ein teiknar inn resultat på eit geokjemisk kart, kan det gje ein indikasjon på kvar ein finn dei høgaste konsentrasjonane av forskjellige stoff i undersøkingsområdet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «geokjemisk_prospektering» av Inge Bryhni i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Mining - Prospecting and exploration», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 27. april 2020