Geologi i Himalaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det indiske kontinentet dreiv nordover og inn i Den eurasiske plata, og danna Himalaya.

Himalaya er danna som ledd i den tertiære fjellkjedefoldinga, som òg omfatta mellom anna Alpane.

Himalaya utgjer ei foldesone mellom den indoaustralske plata og den eurasiske plata. Kollisjonen mellom kontinenta tok til i slutten av krittida for 70 millionar år sidan. Ved byrjinga av tertiærtida for 50 millionar år sidan var Tethyshavet lukka. Den indoaustralske plata vart pressa under den tibetanske plata, slik at fleire skyvedekke vart liggjande over kvarandre.

Ved sørranden av Himalaya ligg det nedste skyveflaket over tertiære sandsteinar, som vart avleira i ei senking på sørsida av fjellkjeda. Det øvste skyveflaket i Sentral-Himalaya har nedst ein 10 km tjukk plate av omvandla prekambriske bergartar som er overleira i fleire tusen meter av fossilførande sediment av alder frå kambrium til tertiær. I toppen av Mount Everest er det kalkstein, sannsynlegvis frå karbon-Perm, med fossile sjødyr.

Himalaya består av fire hovudstrukturar som kan følgjast langs det 2400 km lange foldebeltet. Subhimalaya utgjer forlandet til Himalaya og består av molasse-erosjonsavsetningar frå fjellkjeda frå miocen til pleistocen. Molassen tilhøyrer Muree- og Siwaliks-formasjonane, og dei er folda og imbrikert. Låge Himalaya består av seinproterozoiske til tidligkambriske sediment frå den passive indiske kontinentalmarginen. Gruppa inneheld òg eldre granitt og andre vulkanske bergarter. Låge Himalaya er skove over Subhimalaya langs den sentrale hovudforkastinga. Høge Himalaya dannar høgdeområda i fjellkjeda. Indus-sonen eller Indus-Yarlung-Tsangpo-sonen representerer kollisjon mellom den indiske plata og Ladakh Batholith i nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]