Geometrisk optikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Geometrisk optikk eller stråleoptikk er ein del av optikken der lyset vert rekna som strålar, i motsetnad til bølgjeoptikken, som byggjer på bølgjenaturen til lyset.

«Strålen» i geometrisk optikk er ein abstraksjon som kan nyttast til å tilnærma syne korleis lyset vil flytte seg. Lysstrålar er definert til å forplante seg i rettlinja vegar når dei går gjennom eit homogent materiale. Strålane bøyer seg (eller deler seg) i grenseflata mellom to ulike medium og kan bøyast i eit medium om brytingsindeksen endrar seg, og kan absorberast eller reflekterast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]