Geopark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein geopark er eit geologisk viktig område med ein strategi for berekraftig utvikling. Eit område med status som geopark må kunne syne korleis dei geologiske føresetnadane har påverka biologisk mangfald, landbruk, busetnad, industriutvikling, samferdsel og kultur.

Ein europeisk geopark er med i UNESCO sitt Global Network of Geoparks.

European Geoparks Network, EGN, vart skipa i 2000 med utgangspunkt i område i Frankrike, Tyskland, Hellas og Spania. UNESCO har vetorett innan EGN. Parkane vert i hovudsak finansiert frå ulike finansieringsprogram i regi av EU.

Den første geoparken i Skandinavia var Gea Norvegica Geopark, oppretta i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]