Geordie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Geordie er eit omgrep som vert nytta for personar som kjem frå Tyneside (medrekna byen Newcastle) og frå det tidlegare koldistriktet County Durham i Northumberland, og for dialekten som vert snakka der. Der finst fleire ulike teoriar på korleis ordet oppstod, men alle er samde om at det kjem av eit kallenamn for namnet «George».

Dialekten geordie[endre | endre wikiteksten]

Dialekten som går under namnet «Geordie» har mellom anna desse kjennemerka:

  1. Kort (u), som blir uttala som [ʌ] eller [ə] i dei fleste former av engelsk, blir uttala som [ʊ]: up > [ʊp] (ikkje [ʌp]/[əp].
  2. (ou), som blir uttala som ein diftong (oftast [əʊ] eller [aʊ]) i dei fleste former av engelsk, blir uttala som [ʊ:]: cow > [kʊ:ə].
  3. (r) blir ofte uttala som ein skarre-r: brown > [bʁʊ:ən]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]