Georg Brandes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skisse til portrett av Georg Brandes 1900 P.S. Krøyer
Georg Morris Cohen Brandes (4. februar 1842–19. februar 1927) var ein dansk kritikar og litteraturforskar, som verka tungt inn på skandinavisk litteratur frå 1870-åra og fram til byrjinga av 1900-talet. 30 år gammal formulerte Brandes prinsippa for ein ny realisme og naturalisme. Ifølgje Brandes bør litteratur formidle «frihedens store tanker og menneskehedens fremskridt». Teoriane til Brandes vart svært viktige for mellom andre Henrik Ibsen.
[endre] Verkliste
- 1866 - Om Dualismen i vor nyeste Filosofi
- 1868 - Æstetiske Studier
- 1870 - Kritiker og Portraiter
- 1871 - Hovedstrømninger i det 19. Aarhundredes Litteratur
- 1877 - Danske Digtere
- 1883 - Det moderne Gjennembruds Mænd
- 1889 - Essays
- 1877 - Polen