Georg Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Georg Bull (1. august 178512. desember 1854) var ein norsk jurist, embetsmann og politikar. Han var høgsterettsjustitiarius frå 1836 til 1854. Far hans, Johan Bull, var den fyrste høgsterettsjustitiarius i Noreg.

Bull var fødd i Kristiania og vart student i 1802. Cand. jur. vart han i 1805. Han var 1806-09 fungerande sorenskrivar i Sunnhordland, deretter byfut i Bergen frå 1810 til 1821. I 1821 utnemnd til amtmann i Jarlsberg og Larvik amt. Dette embetet hadde han til han i 1829 vart amtmann i Søndre Bergenhus amt. Han var amtmann der i fem år, dei to åra 1834-36 var han statssekretær. Deretter var han i atten år (1836-54) leiar av Noregs høgsterett.

Bull var representert på to påfylgjande storting. I 1821 og på det overordenlege stortinget året etter representerte han Bergen, medan han i 1824 var representant for Laurvik og Sandefjord. I 1821 var han medlem av 18 komitear, formann i fem av dei. På tinget i 1824 var han formann i justiskomiteen og i komiteen om odelslova.

Bull var med i riksretten i 1845, i eigenskap av høgsterettsjustitiarius.

Han døydde i fødebyen Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]