Georg Christoph Lichtenberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Christoph Lichtenberg (1. juli 1742–24. februar 1799) var ein tysk vitskapsmann, satirikar og anglofil. Som vitskapsmann var han ein av dei første som dreiv eksperimentell fysikk i Tyskland. I dag er han mest kjend for notisbøkene sine, som han sjølv kalla Sudelbücher, og for oppdaginga av dei rare tre-liknande mønstera som ein i dag kallar Lichtenberg-figurar.
Han var professor i naturvitskap, matematikk og astronomi i Göttingen. Her vakte han oppsikt med forelesningane sine om eksperimentalfysikken. Det litterære ryet hans beror på dei ironisk-andfulle aforismane hans (Aphorismen, 5 bd., 1. fullstendige utg. 1902–08), der han viser seg som ein representant for opplysingstida.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Georg Christoph Lichtenberg» frå Wikipedia på engelsk, den 26. februar 2011.