Georg Friedrich Händel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg Friedrich Händel
Haendel.jpg
Georg Friedrich Händel
Fødd 23. februar 1685, Halle an der Saale i Hertugdømet Magdeburg
Død 14. april 1759 (74 år), London i England
Periode Barokken
Yrke Komponist
Fødestaden til Händel i Halle, 2005
Händelstatue i Halle, 1961
Foto: Deutsches Bundesarchiv

Georg Friedrich Händel[1] (23. februar 168514. april 1759), var ein tysk-britisk komponist kjend for sine operaer, oratorium og concerti grossi. Han vert rekna som ein av dei mest produktive og viktigaste musikarane nokon sinne, og representerer ved sida av Johann Sebastian Bach høgdepunktet i seinbarokken.

Händel var ein sann kosmopolitt som etter oppveksten i Halle levde formative vandre- og læreår i Hamburg, Italia og Hannover. Han budde mesteparten av livet sitt i England og fekk britisk statsborgarskap 22. januar 1727.[2]

Händel skapte ein meisterleg musikalsk syntese av tysk, italiensk og engelsk tradisjon, og han skreiv musikk i alle sjangrane frå denne tida. Musikken til dei fleste av hans samtidige komponistar vart raskt gløymd etterkvart som musikksmaken endra seg, men verka til Händel har stått uavbrote på repertoaret i meir enn 250 år, lenger enn musikken til nokon annan komponist.

Det mest spelte verket hans er oratoriet Messias. Øvrige kjende verk er orkesterstykka Water Music og Music for the Royal Fireworks. Händel var sterkt påverka av teknikkane til dei store komponistane i den italienske barokken, såvel som Henry Purcell i England. Musikken til Händel vart flittig studert av komponistar etter han, til dømes Haydn, Mozart og Beethoven.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Opphav og ungdom i Halle[endre | endre wikiteksten]

Den einaste kjelda til informasjon om ungdomstida til Händel er teologen John Mainwaring sin biografi Memoirs of the life of the Late George Frederic Handel[3]. Mainwaring fortel at han har opplysningane om det tidlege livet til komponisten direkte frå Händel. Nyare biografar har vist at kronologien i Mainwaring si framstilling ikkje kan vere korrekt, og sidan Händel sjølv fortalde lite om ungdommen sin, er kunnskapen om denne tida sparsam.

Far til Händel Georg (1622–1697) var barbér og sårlege i residensbyen Halle i hertugdømet Magdeburg, seinare vart han òg livlege for den wettinske hertugen Johann Adolf I. av Sachsen-Weißenfels. Etter at den første kona til Georg døydde i 1682, gifta han seg snart på nytt med den 32-årige prestedottera Dorothea Taust (1651–1730). Det første barnet deira døydde under fødselen. Året etter vart Georg Friederich fødd og etter han fekk paret to døtrer, Johanna Christina (1690–1709) og Dorothea Sophia (1697–1718). Händel heldt kontakt med systrene sine og borna deira heile livet.

Ifølgje biografen Mainwaring ønskte far til Händel at sonen skulle slå inn på ein juridisk karriereveg og motsette seg dei musikalske interessene hans. Dette endra seg først etter at faren og den åtteårige Händel avla eit besøk hos hertugen i saksiske Weißenfels. Orgelspelet til guten overtydde hertugen om at han stod overfor eit stort talent, og han overtalte faren som sjølv ikkje hadde interesse for musikk, om å la sonen få verte musikar.

Dagens Marktkirche Unser Lieben Frauen («Marienkirche») sett frå marknadsplassen. I denne kyrkja vart Händel døypt, og her lærte han å spele orgel.[4]

Tilbake i Halle vart Händel elev av Friedrich Wilhelm Zachow (1663–1712), komponist og organist i Marienkirche. Komposisjonsstilen til Zachow utmerkte seg på den eine sida med stor romlegheit og på den andre (særleg i kantatekora) med ein frapperande tett kontrapunktisk tekstur. Händel tok seinare tematisk materiale frå Zachow og omarbeidde det på kunstferdig vis, det same gjorde J.S. Bach, som òg søkte stillinga til Zachow etter han døydde. Hos Zachow fekk Händel grunnleggende komposisjons- og instrumentalutdanning. Mainwaring hevdar at Händel byrja å komponere kantater alt då han var ni år. Under læretida skreiv Händel òg ei harpestemme til kantaten til Zachow, Herr, wenn ich nur dich habe.

I 1697 vart Händel ifølge Mainwaring send til det brandenburgske hoffet i Berlin. Hertugen til Magdeburg, kurfyrsten Friedrich III var lensherren til Händel, og han vart så imponert av det 12-årige vidunderbarnet at han tilbaud å finansiere musikkutdanning i Italia, og dersom utdanninga gjekk som venta, skulle han seinare få ei stilling ved hoffet i Berlin. Faren til Händel avviste tilbodet – framleis ifølgje Mainwaring. Kong Fredrik Vilhelm I av Preussen, som gjekk inn i historia som «Soldatkongen», vart seinare ein stor beundrar av komposisjonane til Händel. Händel sjølv stod openbart i kontakt med prøyssarkongen heile livet. Heilt til han vart engelsk statsborgar, var Händel borgar av Magdeburg og deretter av Preussen. I 1741 fortalde pressa at Händel kort tid etter Fredrik II av Preussen vart krona, hadde reist til Berlin for å oppvarte han. Kongen, som sjølv var komponist og dessutan ein dyktig fløytist, prøvde forgjeves å skaffe seg ein autograf av Händel etter at han døydde.

Da Georg Philipp Telemann i 1701 reiste frå Magdeburg til Leipzig, stoppa han i Halle for å bli kjend med «den alt då viktige Georg Fr. Händel»[5]. Som Telemann fortel var dette kjennskapet byrjinga på eit konstruktivt og produktivt samarbeid mellom komponistane: «[…] i melodiske satsar […] og undersøkinga av desse hadde Händel og eg, gjennom hyppige besøk på begge sider, såvel som skriftleg, ei stadig sysselsetting». Far Georg døydde i 1697 og dette stoppa for ein tid framgangen til Händel. For å etterkome ønska til faren immatrikulerte Händel seg i 1702 ved det nyoppretta universitetet i Halle. Meininga var å studere rettsvitskap hos Christian Thomasius. Thomasius var den første universitetslæraren som forelas på tysk, og han medverka òg til å få slutt på hekseprosessane. Juskarrieren til Händel varte derimot ikkje lenge: 13. mars 1702 avbraut han studia til fordel for organistposten ved Hallesche Dom.

Hamburg[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1703 reiste Händel til Hamburg, der den første operaen i Tyskland, «operaen ved Gänsemarkt», som opna i 1678, blømde under leiinga til komponisten Reinhard Keiser. Händel spelte i operaorkesteret, først fiolin og seinare cembalo[6]. Her møtte han Christoph Graupner og vart ven med komponisten, dirigenten og songaren Johann Mattheson som seinare skreiv viktige musikkteoretiske skrifter, til dømes Das Neu-Eröffnete Orchestre og Grundlage einer Ehrenpforte. Då det vart kjent at posten som organist ved Mariakirche i Lübeck var i ferd med å verte ledig fordi den kjende komponisten og organisten Dietrich Buxtehude byrja å dra på åra og ville pensjonere seg, reiste Händel og Mattheson i august 1703 til Lübeck. Det enda med at ingen av dei søkte på jobben på grunn av den tradisjonelle skikken med at den nye organisten måtte gifte seg med dottera til forgjengaren.

Dei to sterke personlegdomane hadde eit tidvis spent forhold, og midt under ei framføring av Matthesons opera Cleopatra kom det til ein støyande konfrontasjon om den musikalske leiinga av oppføringa. Konflikten førte til ein kårdeduell ved Gänsemarkt-operaen. Ingen av dei vart skadde, men etter denne hendinga var forholdet spent og reservert. Seinare lét Händel, trass førespurnader frå Mattheson, vere å levere biografiske data til Matthesons Grundlage einer Ehrenpforte. Til gjengjeld fletta Mattheson hatefulle og nedsetjande kommentarar inn i den tyske omsetjinga si av Händel-biografien til John Mainwaring.

Den 8. januar 1705 vart Händels første opera, Almira, med stor suksess, uroppført i Hamburg. Få veker seinare , 25. februar, følgde uroppføringa av Nero. Medan Nero vert rekna som tapt, gjev Almira, med blandinga si av både tysk og italiensk operaform og språk, eit interessant døme på ei tidstypisk operaform i Gänsemarkt-operaen. Händel omarbeidde fleire tema frå Almira i seinare verk, til dømes bygde han ved hjelp av opningstemaet i tredje akt «Lebet beglückt, höchst seeliges Paar» noko seinare det grandiose sluttkoret «Gloria Patri» i Dixit Dominus.

Händel komponerte ytterlegare ein opera i Hamburg, men han hadde eit slikt omfang at han vart splitta i to verk, Daphne og Florindo. Òg desse operaene vert rekna som tapte. Etter å ha avvist fleire tilbod om ei Italia-reise frå adelege mesénar, mellom anna truleg frå storhertugen av Toscana, Gian Gastone de’ Medici, reiste Händel sommaren eller hausten 1706 til Italia for eigen kostnad. Tilbake i Hamburg låg to kister med komposisjonar, begge er tapte.

Italia[endre | endre wikiteksten]

Domenico Scarlatti, Domingo Antonio Velasco (1738)

Händel si studiereise gjennom Italia varte i fire år. Han stoppa mellom anna i Firenze, Roma, Napoli og Venezia. Dei eksakte omstenda rundt opphalda i desse byene er ikkje kjende, men det er overlevert fleire anekdotar frå møte med andre musikarar, som Arcangelo Corelli, Antonio Lotti, og Alessandro og Domenico Scarlatti. Händel vart kjend under namnet Il Sassone («Saksaren»), og då cembalovirtuosen og komponisten Domenico Scarlatti høyrte eit forrykande cembalospel under ein maskerade i Venezia, skal han ha ropt ut: «Anten er dette den kjende saksaren, eller så er det djevelen». Sidan det var ein maskerade, spelte Händel med ei maske over andletet. Mainwaring fortel at det kom til meiningsutvekslingar mellom Corelli og Händel over framføringa av dei doble punkteringane i dei langsame yttersatsane av den opphavlege ouverturen til Il Trionfo del Tempo i del Disinganno. Händel, som hadde eit hissig gemytt, skal ha rive fiolinen ut av handa på Corelli for å demonstrere korleis han ønskte at punkteringane skulle utførast. Corelli på si side var ein elskverdig mann, og han kommenterte: «Min kjære saksar, denne musikken din er i fransk stil, og den forstår eg ikkje». Corelli gjorde Händel den tenesta å komponere ein ny ouverture i italiensk stil.

Händel produserte to operaer i Italia, Rodrigo (sommaren 1707) i Firenze og Agrippina (årsskiftet 1709-10) i Venezia, den siste med ein libretto av kardinal og visekonge av Napoli, Vincenzo Grimani (1652–1710). Ouverturen til Agrippina med det intense tremolo-baserte fugetemaet over ein liten heksakord vert rekna som ein av Händels ypparste operaouverturar. I det heile var Agrippina eit eineståande modent verk, og det vart ein stor publikumsuksess med heile 27 førestillingar. Med Agrippina fann Händel fram til operastilen sin og etablerte sitt ry som operakomponist.

I Roma hadde det vore jordskjelv og byen var truga av krig, så pave Klemens XI la ned forbod mot operaoppføringar i byen. Händel skreiv derfor to oratorium, den geistlege La Resurrezione (våren 1708) og den allegoriske Il Trionfo del Tempo e del Disinganno (våren 1707) med tekst av av kardinal Benedetto Pamphili (1652–1730). Il trionfo vart truleg oppført heime hos kardinal Pietro Ottoboni(1667–1740), som i likskap med Pamphili var ein viktig velgjerar og mesén for Händel. Materialet i Il Trionfo omarbeidde Händel to gonger i London: 1737 og til slutt i 1757 som The Triumph of Time and Truth. Vidare komponerte Händel den kjende Dixit Dominus (over salme 110 i Salmane ), serenataen Aci, Galatea e Polifemo (Napoli 1708), såvel som talrike kor- og solokantatar i Italia.

Händel hadde no lagt grunnsteinen til ryktet sitt, og i 1709, medan han framleis var i Venezia, tilbaud kurfyrst Georg Ludwig av Hannover han posten som kapellmeister ved hoffet i Hannover. Händel aksepterte tilbodet, men sikra seg først aksept for å kunne reise vekk for lengre tidsrom no og då. Dette høvet nytta han seg av alt etter få månader; offisielt byrja han i stillinga 16. juni 1710, men reiste til London ved slutten av året.

Alt 24. februar 1711 hausta han sin første suksess i England med uroppføringa av operaen Rinaldo ved Haymarket-Theatre. Operaen inneheld den kjende sarabande-arien «Lascia ch’io pianga» som har høyrt til standardrepertoaret på opera- og konsertscenene i hundreår saman med Cleopatras «V’doro, pupille, seatte d’Amore» frå Giulio Cesare og «largoen» (i røynde ein larghetto) frå Xerxes.[7] I byrjinga av juni 1712, dvs mot slutten av operasesongen, returnerte Händel til Hannover, der han mellom anna skreiv fleire vokalduettar, visstnok for kurprinsessa, den seinare dronning Caroline av Ansbach.

Dei første årene i London[endre | endre wikiteksten]

Queen’s Theatre (fra 1714 King’s Theatre) ved Haymarket i London. Her vart dei fleste av operaene til Händel oppførde.

I oktober 1712 reiste Händel tilbake til London, denne gongen slo han seg ned for godt. Først budde han eit år hos ein rik musikkelskar i Barn Elms[8], Surrey, dei neste tre åra hos Richard Boyle, jarlen av Burlington, i nærleiken av London. Hovudverka i denne perioden var to italienske operaer og Utrechter Te Deum. Verka var skrivne på oppdrag av dronning Anne av Storbritannia, og etter oppføringane gav ho han ein livslang årleg pensjon på 200 pund.

Sjølv om fråværet til Händel frå hoffet i Hannover vart langt, finst det ikkje bevis for at kurfyrst Georg minte han på pliktene han hadde i Hannover. Kurfyrsten vart krona til Georg I av kongedøma Storbritannia og Irland i Westminster Abbey oktober 1714. Händel skreiv Water Music for kongen, og dei tre suitane som utgjer verket vart oppført under ein fest på Themsen 17. juli 1717. Kongen skal ha vore så begeistra for musikken at han gav musikarane ordre om å spele han tre gonger[9] og dobla årspensjonen til Händel. Seinare vart Händel musikklærar for døtrene til kongen. I 1716 vart han med kongen på ei kort reise på tysk grunn og komponerte der pasjonen «Der für die Sünde der Welt gemarterte und sterbende JESUS» etter ein den gong omtykt tekst av Barthold Heinrich Brockes.

Etter at Händel vende tilbake til Storbritannia, vart han huskomponist hos jarlen av Carnavon, den seinare hertugen av Chandos. Her var det samla ein framtidsretta krins av litteratar, mellom anna John Gay og Alexander Pope. Verka som Händel komponerte for hertugresidensen Canons i Edgware omfattar dei tolv Chandos Anthems såvel som den første versjonen av operaen Esther og den nye engelske versjonen av Acis and Galatea med tekst av John Gay. Tersetten med Galateas, Acis og Polyphemus, The flocks shall leave the mountains, minnar frå takt 5 av om opningskoret i kantaten til Bach, Ich hatte viel Bekümmernis. I Canons fullførte Händel truleg òg Suites de Pièces pour le Clavecin (publisert 1720), som mellom anna inneheld dei kjende variasjonane som seinare fekk tilnamnet «The Harmonious Blacksmith».

Stadnamnet «Canons» var samtidig programmatisk: Jarlen av Chandos og kretsen hans uttrykte på denne måten at det dreidde seg om å etablere musikalske målestokkar (latin canon/gresk kanón; kanon = målestokk, rettesnor, regel, tilvising).

Operaen blømer[endre | endre wikiteksten]

Karikatur av ei oppføring av Flavio med divaen Francesca Cuzzoni i midten og kastratsongarane Senesino til venstre og Gaetano Berenstadt til høgre

Opphaldet til Händel i Canons enda våren 1719 og han starta førebuingane til eit nytt operaføretak ved King’s Theatre under namnet «Royal Academy of Music» med Händel som musikalsk leiar. For å skaffe songarar reiste Händel til Dresden, der han fekk engasjert fleire songarar, mellom anna stjernekastraten Senesino.

Händels første operaoppsetting for det nye Operaakademiet, Radamisto med uroppføring 27. april 1720, vart særs vellukka. Ved sidan av Händel nytta akademiet seg tidvis av komponistane Giovanni Bononcini og Attilio Ariosti og publikummet delte seg i parti som anten støtta Händel eller Bononcini. I byrjinga var Bononcini mest framgangsrik – Händels dominans vart først merkbar etter den tredje sesongen. Dei påfølgjande åra skreiv han nokre av sine viktigaste operaer, Giulio Cesare, Tamerlano og Rodelinda. Desse høyrer òg til dei mest populære i vår tid.

Etter kva ein i dag veit var operaakademiet underfinansiert alt frå starten og berre lønsam i dei beste periodane. Leiinga prøvde å auke publikumstilstrauminga ved å kjøpe inn fleire stjernesongarar. I januar 1723 vart Francesca Cuzzoni engasjert og i mai 1726 Faustina Bordoni, den seinare ektefellen til hoffkomponisten i Dresden, Johann Adolf Hasse. Primadonnaene var fiendtleg innstilt overfor kvarandre og 6. juni 1727 fornærma og slo dei kvarandre for open scene, kraftig oppfyrt av eit støyande publikum som støtta sine respektive favorittar. Dei høge gasjane deira var til sterk finansiell belastning for operaføretaket. I tillegg kom at publikums smak var i endring mot lettare politisk-satirisk engelskspråkleg underhaldning og symptomatisk for denne tendensen var den dundrande suksessen til John Gays The Beggar’s Opera i 1728. Høgdepunktet i denne operaen skal ha vore ein parodi på Händels opera Rinaldo sunge av «tiggarar», «tjuvar» og «kjeltringar». (The Beggar’s Opera var modell for Bertolt Brechts Tolvskillingsoperaen). Etter sesongen 1727/28 vart operaakademiet oppløyst utan at det førte til nokre problem for Händel.

Nedgangstid for operaen[endre | endre wikiteksten]

Etter at operaakademiet var oppløyst starta Händel eit nytt føretak i kompaniskap med den sveitsiske impresarioen Johann Jacob Heidegger. I litteraturen vert dette rekna som «det andre operaakademiet». Dei overtok det som var igjen av det første akademiet og leigde King’s Theatre for fem år. Hausten 1728 reiste Händel til Italia for å rekruttere nye songarar. Det nye ensemblet var gjennomgåande lite disponert med Antonio Bernacchi som ny stjernesongar. På heimturen sommaren 1729 vitja Händel mor si i Halle og stoppa i Hannover og Hamburg.

Det nye operaføretaket opna 2. desember 1729 med Lotario, men på grunn av lunken mottaking vart kastraten Senesino engasjert som trekkplaster for neste sesong. Interessa til Händel vart i 1732 ganske tilfeldig styrt mot oratorium då begge hans engelskspråklege maskespel frå Canons-tida, Esther og Acis og Galatea, vart oppført uautorisert. Händel reagerte raskt ved å omarbeide dei til oratorium og oppførte dei med stor suksess.

Georg Friedrich Händel

Den neste sesongen, 1732/33, konkurrerte han for ein stor del med oppføringar av oratorium, mellom anna oratoriet Deborah som hovudsakleg bestod av gammalt materiale. Om sommaren reiste Händel og ensemblet til Oxford der dei med stor suksess oppførte oratoriet Athalia i festhallen til universitet, «Sheldonian Theatre». Andre akt vart avslutta av ein «Halleluja» i d-moll som er ein dobbeltfuge over dei seks solmisasjonsstavingane: UT-FA RE-SOL MI-La (i dag utvida og omarbeidd til do-re-mi-fa-so-la-ti-(do)). Dette var Händel sin måte å heidre heksakordsystemet til Guido av Arezzo (~992–1050). Som mottema til dei seks stavingane til Arezzo, valte Händel ein lett utbrodert utgåve av eit fugesubjekt frå den åttande klaversuiten sin i f-moll. I følgje ei forteljing i pressen skal Universitetet ha gjeve han tilbod om eit æresdoktorat, men av ukjente grunner skal han ha avvist dette. Trass i suksessen med oratoria heldt fram Händel å oppføre operaer sjølv om den italienske operaforma vart stadig mindre populær i London.

I desember 1733 opna det rivaliserande operaelskapet Opera of the Nobility (ofte kalla «Adelsoperaen») i Lincoln’s Inn Fields Theater med Nicola Porpora som komponist. Tidlegare hadde dette selskapet teke over nesten heile det gamle songarensemblet til Händel, inklusive Senesino. Det var ikkje marknad for to konkurrerande operahus i London og det kom til ein ruinerande tvekamp mellom dei. Situasjonen skjerpa seg då leigekontrakten til Händel gjekk ut mot slutten av sesongen og Heidegger leigde ut King’s Theatre til Adelsoperaen. I tillegg lukkast det Adelsoperaen å engasjere den kjende italienske kastratsongaren Farinelli.

De to operaselskapa delte ikkje berre operapublikumet i London i to leirar, men òg den kongelege familien. Prinsen av Wales, Fredrik Ludvig av Hannover støtta Adelsoperaen, medan meistereleven til Händel prinsesse Anne (1707–1759) var ein lidenskapeleg Händel-tilhengjar. Mange år seinare, året 1770 i Bologna, fortalte Farinelli den engelske musikkhistorikaren Charles Burney om første gong han skulle synge for kong Georg II: Prinsessa, som akkompagnerte ved klaveret, la fram to Händel-ariar som var notert i ein uvanleg nøkkel og skrivemåte og forlangte at Farinelli song dei frå bladet. Friedrich Wilhelm Marpurg fortalte i Kritischen Briefen über die Tonkunst (1763) at prinsessa var ein usedvanleg dyktig generalbass-utøvar og Händel sjølv fortalte ein gong organisten Jacob Wilhelm Lustig at for han var prinsesse Anne «blomen av alle prinsessar»

Händel flytta no til det nybygde Covent Garden Theatre og leia operaselskapet i eigen regi. Trass i at føretaket gjekk dårleg komponerte han i denne tida verk som Ariodante og Alcina. Saman med Orlando vert desse rekna som dei viktigaste operaene hans etter samanbrotet av det første akademiet. Händel gjekk konkurs i 1737 og fekk samstundes eit slaganfall som lamma venstre arm for ei tid.[6] Han klaga dessutan over vanskar med å fokusere synet. Eit kuropphold i Burtscheid ved Aachen hjelpte han fort tilbake til hektene og etter ei tid spelte han orgel for det lokale publikumet. Snart komponerte han like lett som før. Konkurransen mellom operahusa hadde vore så øydeleggjande at òg Adelsoperaen gjekk over ende og vart oppløyst.

Tida for oratoria[endre | endre wikiteksten]

Bustaden til Händel i 25 Brook Street i London. I dag Handel House Museum
Foto: Andreas Praefcke

Trass i at Händel heilt fram til sin siste opera, Deidamia (1741) ei rekkje gonger freista å fortsette operaen, vart oratoria stadig viktigare (med oratoria Saul og Israel i Egypt, begge frå 1739). Han tok òg opp igjen tidlegare verk, mellom anna Alexander’s Feast som var skriven i 1736. Teksten var oden til John Dryden til ære for den heilage Cecilia av Roma, eit av meisterverka i engelsk litteratur. Året etter, i 1740, skreiv Händel oratoriet L’Allegro, il Penseroso ed il Moderato basert på ein tekst av John Milton som Charles Jennens omarbeidde for å auke spaninga mellom karakterane i diktet. Jennens skreiv òg tekstane til oratoria Saul, Messias og Belshazzar av Händel .

I 1742 reiste Händel til Dublin for å oppføre oratoriet Messias som eit ledd i ei rekkje veldedige konsertar. Tilbake i London overlet han inntektene frå Messias-oppføringane sine til veldedige føremål. Bak utkastet til temaet for Amen-fugen noterte Händel ein irsk dansemelodi som han kalla «Ballett for fattige irske ungdomar». Ein gong i året oppførte han Messias til fordel for Foundling-Hospital i London, ein barneheim for «utdanning og vern av utsette og forlatte unge born». Som takk for innsatsen sin vart han utnemnt til vise-æresdirektør ved sidan av den sosialkritiske målaren, grafikaren og forfattaren William Hogarth. Kort før tilbakereisa frå Dublin til London vart Händel kjent med forfattaren av Gullivers reiser, Jonathan Swift.

Etter denne tida komponerte ikkje Händel fleire operaer. I staden produserte han frå 1743 til 1752 ei kontinuerleg rekkje av éin til to nye oratorium per sesong, dei fleste med tema frå Det gamle testamentet. I tillegg skreiv han dei verdslege musikkdramaa Hercules og Semele. Begge vert rekna med blant dei viktigaste engelske operaene sjølv om Händel ikkje oppførte dei scenisk.

Ei tid prøvde adelskretsar å felle Händel, som på si side no stort sett sysla med oratorium. «Heile operaselskapet er rasande på Händel» skreiv ei samtidig kjelde. Til skilnad frå tida med Adelsoperaen hadde han som oratoriekomponist knapt noko konkurranse, men for å skade han prøvde motstandarane å arrangere ball og bankettar på same tid som oppføringane til Händel. Händel nådde snart fram til breie folkeslag med sine «Seiersoratorium» etter det jakobittiske opprøret i 1745. Av desse var Judas Maccabaeus hans aller mest populære oratorium ved sidan av Messias. Til Judas Maccabaeus' arie «With honour let desert be crown’d» i tredje akt komponerte Händel ein uvanleg solo for naturtrompet. Ved å ta i bruk den sjuande overtonen i naturtrompeten, som den gong vart rekna som «unaturleg», fekk han fram «dobbeltnaturen til trompetklangen». Händel danna ved hjelp av den sjuande overtonen ein mollters som gjorde at trompetklangen heile tida veksla mellom ein elegisk a-moll og ein krigersk (dels òg festleg) D-dur.

I 1745 fekk Händel æresmedlemsskap i den musikkvitskaplege foreininga Correspondierende Societät der musicalischen Wissenschaften. Andre medlemmer var mellom anna G.P. Telemann og J.S. Bach. Det siste medlemmet som vart tatt opp var for øvrig Leopold Mozart. Dette skjedde rundt 1755, men selskapet vart oppløyst kort tid etter.

Händel byrja å komponere på oratoriet Jephtha rundt 1751, og medan han skreiv på dette byrja dei første symptoma på at han var i ferd med å bli blind å vise seg. Med fleire avbrot og med store strev klarte han likevel å fullføre verket. Andre akt i Jephta slutta med eit kor med tekst av Alexander Popes maksime frå Essay on Man: «Whatever is, is right». Seinare overtok Georg Wilhelm Friedrich Hegel Poes maksime med orda «Alles was ist, ist vernünftig», dette omtolka eleven til Hegel, Heinrich Heine til «Alles, was vernünftig ist, muss sein».

I 1754 kunne Händel endeleg takke den botanikkinteresserte Telemann med ei kiste kostbare blomsterlaukar. Gåva var forseinka fordi Händel hadde fått feilaktige opplysningar om at kollegaen i Hamburg var død. Gåva var Händels takk for at Telemann hadde sendt den førehandsbestilte intervall-læra «Neues musikalisches System» (1752) som kom i Mizlers «Musikalischer Bibliothek». I denne delte Telemann kvar tone, kvart intervall i fire: Minimum, Minor, Major og Maximum. Neues musikalisches System vart skarpt avvist av Telemanns samtidige fordi det nye hammarklaveret favoriserer temperert stemming. Denne firedelinga hadde Händel forøvrig alt delvis brukt i sine Cantaten con strumenti (1706–1709) - 72 italienske kantatar for songstemme og basso continuo - såvel som i Il Trionfo (arien «Io sperai»).

Händel underla seg fleire mislukka augeoperasjonar, mellom ein av den omstridde okkultisten John Taylor som òg opererte augo til Bach. I Taylors History of the Travels and Adventures (London 1761) er det eit avsnitt om dei medisinske møta med Bach og Händel der Taylor opplyser om at komponistane «opphavleg var vorte oppdratt saman». Denne utsegna har Bach- og Händel-biografane tilbakevist i hundreår.

Det finst bevis for at Händel tidvis kunne sjå igjen i sine siste år, men etter mai 1752 fekk han ikkje synet tilbake. Trass i dette heldt fram han å medverke ved oppføringane av oratoria sine, og mellom aktene spelte han sine delvis improviserte orgelkonsertar. Han komponerte òg nye ariar eller omarbeidde gamle. For Judas Maccabaeus skreiv han duett- og korsatsen Sion now her head shall raise. Så kort tid som ei veke før han døydde sat Händel ved orgelet under ei oppføring av Messias.

Påskeaftan morgon den 14. april 1759, 74 år gammal, døydde Händel i heimen sin i 57 Brook Street (no nr. 25). Han vart bisett i Westminster Abbey 20. april.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Operaer[endre | endre wikiteksten]

Autograf av operaen Tolomeo, 1728

Dei 46 operaene til Händel er av typen dramma per musica, ei musikkform som består av ei rekkje secco-resitativ og da capo-ariar. Gjennom tida vidareutvikla han operaen utan dermed å bryte med den etablerte forma. For å framstille spesielt intense kjensler hos ein scenefigur brukte Händel gjerne accompagnato-resitativ (dvs med orkesterakkompagnement). Døme er den store dødsscenen til Bajazet i Tamerlano og den kjende vanvidds-scenen i Orlando.

Ved sidan av ariar skreiv Händel duettar, sjeldnare tersettar eller kvartettar. Kor skreiv han til å byrje med berre for finalane der dei vart sunge av hovudpersonane. Først frå 1735 kan det sjå ut som han har hatt tilgang til eit eige operakor. Same år skreiv han ballettnummer til operaene Alcina og Ariodante som vart oppført i Covent Garden der han kunne bruke prima ballerinaen og koreografen Marie Sallé og ballettkompaniet hennar. Händel komponerte prologen Terpsichore i andre versjon av Il Pastor fido spesielt for henne. Marie Sallé, som revolusjonerte scenedansen alt før Jean-Georges Noverre, vart for øvrig pipe av scenen under oppføringa av Händels Alcina av di ho viste seg som Cupido i mannsklede.

Opera-ouverturane til Händel følgde den franske Lully-prega forma: langsam-hurtig (ein fuge)-langsam. Librettiane var ofte avleidde av venetianske mønster; trass i den store populariteten til Metastasio brukte Händel berre tekstane hans tre gonger.

Oratorium[endre | endre wikiteksten]

Alt under si tid som komponist av italienske operaer utvikla Händel ei ny kunstform: det engelske oratoriet. Fram til denne tida var oratoriet ukjent i England. På kontinentet vart dei skriven etter det stivna skjemaet til opera seriaen: ei forslitt rekkje av resitativ der handlinga vart drive framover og da capo-ariar der kjenslene vart spelt ut; ensemble og kor fanst nesten ikkje. Händel tok element frå dei engelske plays, masques og anthems, frå klassiske franske drama, frå tyske kyrkjekantatar, og frå dei karakteristiske musikkformene i den italienske operaen: resitativet, arien, ouverturen og inndelinga i tre akter. Med desse ingrediensane som verktøy skapte han ei ny musikkform i stort format som var uavhengig av scenen. Teateret dannar framleis den ytre ramma, men den sceniske handlinga, kostyma, maskene og liknande er ikkje tekne med. Dette gjev høvet for brå skifte i scene og kjensler. Handlingsforløpet skjer no utelukkande i fantasien til dei som høyrer på, dermed vert det ideelle og kjenslemessige innhaldet i verket intensivert. Koret er ikkje berre integrert, men vert i vesentleg grad både eit element i handlinga og ein handlingsberar. Oratoriet får dermed ein episk-lyrisk karakter utan å miste det dramatiske aspektet.

Librettist og komponist gjev koret to roller: På den eine sida deltar koret i handlinga, og på den andre fungerer det som skildrar og kommentator etter antikke førebilete. Lagnaden og aktivitetane til dei handlande personane utspeler seg på bakgrunn av folkelivet. Heile folkeslag vert personifisert, i Belshazzar vert til og med tre folkegrupper sett opp mot kvarandre. Heltekastraten forsvinn (så godt som) fullstendig, og den overveiande skurkaktige figuren i opera seriaen, tenoren, vert no tildelt helterolla. Händel tar sjølv regien i sine oratorium og opnar portane for eit nytt publikum, det borgarlege.

Kyrkjemusikk[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjemusikken til Händel kan delast i nokre salmemelodiar på latinske språk som han skreiv i Italia og dei engelskspråklege stykka. Til dei latinske verka høyrer vespersalmane Dixit Dominus, Laudate pueri og Nisi Dominus. Chandos Anthems frå den tidlege tida i London er av nokså intim karakter på grunn av det vesle ensemblet han den gongen rådde over. Dei andre kyrkjemusikalske verka frå tida i London vart stort sett skriven for Chapel Royal ved spesielle, ofte statspolitiske høve. Te Deum og Jubilate til feiringa av freden i Utrecht er prega av påverknaden til Purcell. Zadok the Priest, som er av dei fire Coronation Anthems («kroningshymner») komponert til kroninga av Georg II og dronning Caroline i Westminster Abbey 1727, er sidan vorte spelt ved kvar einaste britiske kroningsseremoni. Stykket er òg kjenningsmelodi for UEFA Champions League. Funeral Anthem – The ways of Zion do mourn komponerte Händel for statsgravferda til dronning Caroline i 1737 og Dettinger Te Deum med Dettingen Anthem 1743 til feiringa av sigeren i Dettingen.

Orkestermusikk[endre | endre wikiteksten]

Corelli var retningsgjevande for utviklinga av concerto grossoen , J.F. Douven

Ein viktig del av orkestermusikken til Händel vart skriven som ouverturar, mellomakt-, pantomime- og ballettmusikk i operaene og oratoria. Til dei sjølvstendige konsertane høyrer dei seks såkalla «obokonsertane» op. 3 som vart publisert i 1734, men skriven vesentleg mykje tidlegare for ulike høve, såvel som dei tolv Concerti grossi op. 6 frå 1739. Händels Concerti grossi op. 6 er orkesterverk med vekselspel mellom eit fullt strykeorkester (ripieno) og ei gruppe strykarsolistar (concertino).I sine konsertar knyt Händel den italienske tradisjonen med dei nye symfoniske utviklingane på 1700-talet. Händel føydde i ettertid oboparti til nokre av konsertane.

Orgelkonsertane til Händel er hans eige utvikling og ved sidan av Bach sine cembalokonsertar representerer dei starten på utviklinga av musikkforma konsert for klaviaturinstrument og orkester. Vanlegvis spelte Händel sjølv sine orgelkonsertar på eit orgelpositiv under pausane i dei store oratorie-oppføringane. Den trykte utgåva frå 1738 oppgav òg cembalo og harpe (op. 4, nr. 6) som mogelege soloinstrument. I motsetnad til dei seks konsertane op. 4 (1738) utmerkte dei to frå «Second Series» (1740, den første under tilnamnet «The Cuckoo og the Nightingale») og dei seks posthumt publiserte konsertane op. 7 ved at dei på mange stader og over heile satsar var markert med «ad libitum», det vil seie at Händel improviserte partia under oppføringane. For konsert op. 7 nr. 1, med ein mektig ostinato-sats, føreskreiv Händel eit orgel med pedalar og to manual («Organo a. 2 Clav. e Pedale»).

Händel og kong Georg I av Storbritannia i båt på Themsen, romantisk måleri av Edouard Jean Conrad Hamman (1819-1888)

Åra 1747 og 1748 skreiv Händel tre Concerti a due cori der han i praksis delte orkesteret i tre: To «blåsarkor» (kvar med to oboar, ein fagott, to horn) og eit strykarkor med continuo. Desse konsertane er for ein stor del ikkje frittståande komposisjonar, men arrangement av kor frå oratoria Esther, Belshazzar, Semele og Messiah orkestrert med tanke på oppføringar under open himmel.

Friluftsmusikk var òg den tredelte Water Music-suiten skriven for oppføring i båt på Themsen, såvel som Music for the Royal Fireworks frå 1749. Den siste vart skriven på oppdrag av Georg II i høve freden i Aachen som vart slutta 7. oktober 1748. Uroppføringa skjedde 27. april 1749 i Green Park i London. På førehand kom det til motsetningar mellom kongen og Händel om orkestreringa av stykket. Kongen ville utelukkande vite av «militærinstrument» som oboar, fagottar, horn, trompetar og pauker. Händel ville derimot ha med strykeinstrument òg. Kven som tilslutt fekk viljen sin veit ein ikkje sikkert, for Händel utstyrte opphavleg partituret med «militærinstrument», men noterte seinare at strykarar skulle doble obo- og fagottstemmene. Den offentlege prøven med 100 musikarar føre 12 000 tilhøyrarar vart ein stor suksess, men den offisielle feiringa 27. april i Green Park enda i ein katastrofe. På grunn av teknisk svikt i fyrverkeriet tok bygg og dekorasjonar som var reist for høvet fyr og brann ned. Tre personar døydde, mellom anna ein trompetist[10]. Berre musikken til Händel skal ha redda dagen.

Kammermusikk[endre | endre wikiteksten]

Johann Sebastian Bach måleri E.G. Haußmann, 1748

Dei seks triosonatane op. 2, for to fiolinar og basso continuo vart først publisert av Roger i Amsterdam rundt 1722. Gjennomgåande følgjer dei den firesatsige italienske kyrkjesonateformen. I dei sju triosonatane op. 5, for to fiolinar og basso continuo som vart publisert i London 1739 er det frå fem til sju satsar, mellom anna dansesatsar som passacaille, sarabande, gavotte etc., slik at dei nærast er som suitar å rekne. Ytterlegare tre triosonatar er overlevert i handskrift. Òg dei 15 solosonatane op. 1, òg utgjevne første gong rundt 1722 av Roger, følgjer kyrkjesonateformen. Dei deler seg i tre sonatar for traversa og basso continuo, fire sonatar for flauto og basso continuo, to sonatar for obo og basso continuo og seks sonatar for fiolin og basso continuo. I den Hallensiske Händelutgaven er det òg seks triosonatar for to oboar og basso continuo, men det er usikkert om det er Händel som har skrive desse sonatane.

Verka for cembalo av Händel vart stort sett skapt som lære- eller høvesverk. Dei åtte Suites dei Pièces pour le Clavecin (HWV 426–433, 1720) vert rekna som dei viktigaste ved sidan av ei anna suitesamling (HWV 434–438, 1730) og seks fuger (HWV 605–610, 1735). Den andre suitesamlinga inneheld to merkeverdige chaconner (HWV 435 og HWV 442), variasjonsverk over eit åttetaktars ostinat-generalbasstema. Denne basso ostinatoen, som består av åtte fundamentale notar, nytta òg Bach i Goldbergvariasjonane sine såvel som for Canon triplex a. 6 Voc. som han held i handa på det velkjende portrettet til Elias Gottlieb Haußmann.

I skriftet Der vollkommene Kapellmeister som Johann Mattheson gav ut i 1739 trykte han knapt 1 1/4 takt (takt 3–4) frå den fjerde satsen – sluttfugen – av Händels klaversuite nr. 2 i F-dur (frå Suites dei Pièces frå 1720). Ved sidan av notesitatet retta Mattheson, som sikkert hadde djupare innsikt i komposisjonsmåten til Händel, følgjande spørsmål til lesarane sine: «Kven kunne vel tenke seg at i desse få notane gøymer det seg - som om det var ein kort, tjukk gulltråd - ein tråd som kan trekkast ut så han vert hundre gonger så lang». Med gulltråd mente Mattheson fugetemaet til Händel med sitt mottema.

På tida til Händel vart òg vokal- og instrumentalstykke rekna som kammermusikk. Han skreiv talrike verdslege kantatar: 72 kantatar for solostemme og generalbass som består av fleire ariar og resitativ etter modell av Alessandro Scarlatti. I tillegg kjem «Cantaten con strumenti», òg med sjølvstendige instrumentalstemmer. Til desse høyrer den vesle spanske kantaten Cantata Spagnuola a voce sola e Chitarra som Händel noterte i gammal stil. Dei fleste av dei verdslege kantatane stammer frå tida i Roma da Händel møttest saman med Scarlatti, Corelli og Pasquini i Accademia degli Arcadi.

Duetti e Terzetti for songstemme og basso continuo skreiv Händel i Italia eller Hannover, og mellom 1741 og 1745 i London. Händel utvida òg sine oratorium for firstemmige kor med diverse duettar og tersettar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Minnefeiring for Händel i Westminster Abbey, 1784

I England vart Händel ein klassikar alt medan han levde: det vart reist ein statue i full storleik over han i fornøyelsesparken Vauxhall Gardens i 1738[11] og 15. juli 1762 vart Händels gravmonument avduket[12]. Mainwarings Memoirs of the Life of the Late George Frederic Handel vert rekna som den første biografi over ein musikar som kom ut i bokform. I motsetnad til mange av komponistane på den tida, til dømes Johann Sebastian Bach og Georg Philipp Telemann i Tyskland, gjekk ikkje Händel i gløymeboka i England etter han døydde, hovudsakleg på grunn av oratoria.

Ved sidan av regelmessige oppføringar av utdrag frå oratoria vart mykje av musikken til Händel sett saman og spelt som pastisjar. På det ein trudde var Händels hundreårsdag i 1784 vart det arrangert ein tredagars minnefest i Westminster Abbey og i Pantheon. Problem rundt overgangen frå juliansk til gregoriansk kalender førte til at ein bomma med eit år. Over 500 musikarar deltok i oppføringar av Messias, av stykke frå oratoria og av orkestermusikken hans. Oppføringa av Messias vart ein stor suksess og vart gjenteken to gonger. Dette skapte ein tradisjon som varte til 1791.

Messias-begeistringa nådde snart òg Tyskland og i 1772 vart oratoriet oppført i Hamburg med Michael Arne som dirigent, tre år seinare av Carl Philipp Emanuel Bach, den nest eldste sonen til J. S. Bach. Seinare vart teksten omsett og sunge på tysk.

Wolfgang Amadeus Mozart utvida og endra orkestreringa av fleire av oratoria til Händel for å tilpasse dei smaken på tida. Dessuten brukte Mozart tema og kontrapunktikk frå Händels Funeral Anthem og oratoriet Joseph and his Brethren i sitt uferdige Rekviem frå 1791.

Haydn vart djupt berørt då han høyrte oratoria til Händel under sine opphald i London: «[Det var] som om han var vorte sett tilbake til byrjinga av studietida og ikkje hadde lært noko fram til då». Med seg frå London hadde han ein libretto til oratoriet the Creation som opphavleg kan ha vore forfatta for Händel og fekk baron van Swieten til omsetje han til tysk. Musikken til Haydn til Die Schöpfung («Skapinga») viser ein tydeleg påverknad frå Händel både i struktur og i korfugene.

Òg Beethoven let seg inspirere av Händel og skreiv Variationen für Cello und Klavier (1796) over «See the conqu’ring hero comes» frå Judas Maccabaeus, samt ouverturen Die Weihe des Hauses der den store sentrale fugen bevisst er heldt i stilen til Händel. For Beethoven var Händel «den største blant oss alle... den største komponisten som nokon gong har levd. Eg ville blotta hovudet mitt og knele ved grava hans.» Beethoven la framfor alt vekt på det enkle og publikumsappellen i musikken til Händel då han sa «Gå til han og lær korleis ein kan oppnå store verknader med enkle verkemiddel.»

I 1770-årene kom Messias til USA der ein i samsvar med den engelske tradisjonen overvegande oppførte stykket på arrangement til inntekt for veldedige formål. Tradisjonen med å oppføre oratoriet i adventstida oppstod på byrjinga av 1800-talet.

Frimerke til Händels 200. dødsdag

Frå og med 1842 utgav den engelske musikkforleggaren Vincent Novello ut eit lite utval oratorium i ei rimeleg klaverutgåve og gjorde dermed musikken tilgjengeleg for lokale korforeiningar utanfor byane.

I åra frå 1859 til 1926 vart det kvart tredje år arrangert store Händelfestspel i Crystal Palace i London. På sitt største medverka det kring 4 000 korsongarar og rundt 500 orkestermusikarar og vart ein demonstrasjon av nasjonalkjensla til britane.

Felix Mendelssohn Bartholdy trekte Johann Sebastian Bach fram frå gløymsla med gjenoppføringa av «Matteuspasjonen» i 1829. Mendelssohn sørgde òg for at Händel sine oratorium vart oppført i Tyskland og han tilpassa eigenhendig nokre av oratoria til Händel til praktisk bruk. Georg Gottfried Gervinus omsette samtlege av oratorietekstane til tysk og gjorde at det vart mogeleg å innlemme dei i standardrepertoara til tyske korforeiningar. Johannes Brahms skreiv for den første komplette tyske Händel-utgåva klaverstemmer til Duetti e Terzetti, for dei mange som ikkje lengre beherska generalbassnotasjon og -spel.

I dag vert musikken til Händel spelt ved dei tyske festspela i Göttingen, Halle og Karlsruhe.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Händel gjorde så mange endringar, utvidingar og arrangement at det er fleire versjonar å velje mellom av nesten kvart einaste verk han skreiv. Den hallensiske Händel-utgåva har sett som mål å rekonstruere alle versjonane. For kammermusikken er problemet at Händel autoriserte fleire utgjevingar og at forleggarane stundom tok med forfalskingar.

Det første forsøket på ei komplett Händel-utgåve stod Samuel Arnold i London for mellom 1787 og 1797. Han fekk etterkvart problem med finansieringa og måtte avbryte prosjektet slik at nesten alle operaene og ein stor del av den vokale kammermusikken manglar.

Friedrich Chrysander sine samla Händel-verk i 94 bind vert rekna som eit pionerarbeid idet Chrysander baserte seg på Händel sine dirigentpartiturer og dels på autografar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå musikkverk av Georg Friedrich Händel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Georg Friedrich Händel» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2010.
  • John Mainwaring: Memoirs of the Life of the Late George Frederic Handel, London 1760/på tysk: Johann Mattheson, Hamburg 1760.
    • George Frideric Handel, Hedwig Mueller von Asow, John Mainwaring: Biographie, Briefe und Schriften: Biographie, Briefe und Schriften, publisert av Georg Olms Verlag, 1977, ISBN 978-3-487-06331-7 (òg Google Books).
  • Friedrich Chrysander: G. Fr. Händel, Leipzig 1885–67, nyutgjeving 1966.
  • Romain Rolland: Haendel, ved F. Alcan, Paris 1910.
  • Johanna Rudolph: Händelrenaissance – Eine Studie, 2 bind, Aufbau-Verlag Berlin, 1960.
  • Alfred Mann: Georg Friedrich Händel – Composition lessons/Aufzeichnungen zur Kompositionslehre, Hallische Händel-Ausgabe, Supplement Band 1, Bärenreiter-Verlag, Kassel 1878.
  • Konrad Sasse: Händel-Bibliographie, Dt. Verl. für Musik, Leipzig 1963.
  • Walther Siegmund-Schultze: Georg Friedrich Händel, Dt. Verl. für Musik, Leipzig 1980.
  • Walter Eisen (Hrsg.): Händel-Handbuch, Bärenreiter-Verlag, Kassel,
    • 1. – Lebens- und Schaffensdaten, 1983, ISBN 3-7618-0610-8.
    • 2. – Thematisch-systematisches Verzeichnis. Oratorische Werke, vokale Kammermusik, Kirchenmusik, 1984, ISBN 3-7618-0715-5.
    • 3. – Thematisch-systematisches Verzeichnis. Instrumentalmusik, Pasticci und Fragmente, 1986, ISBN 3-7618-0716-3.
    • 4. – Dokumente zu Leben und Schaffen, 1985, ISBN 3-7618-0717-1.
  • Christopher Hogwood: Georg Friedrich Händel. Eine Biographie, Insel Verlag, Frankfurt/M. 2000, ISBN 3-458-34355-5.
  • Hans Joachim Marx: Händels Oratorien, Oden und Serenaden, Vandenhoeck & Ruprecht, Göttingen 1998, ISBN 3-525-27815-2.
  • Paul H. Lang: George Frideric Handel, Dover Publications, Mineola, N. Y. 1996, ISBN 0-486-29227-4.
  • Dean Winton, John Merrill Knapp: Handel’s Operas, 1704–1726, Clarendon, Oxford 1987, ISBN 0-19-315219-3.
  • Dean Winton: Handel’s dramatic oratorios and masques. Clarendon, Oxford 1990, ISBN 0-19-816184-0.
  • Werner Pieck: Leben Händels. Biographie, EVA, Hamburg 2001, ISBN 978-3-434-50455-9.
  • Michael Heinemann: Georg Friedrich Händel. Reinbek 2004, ISBN 3-499-50648-3.
  • Stefan Zweig: Georg Friedrich Händels Auferstehung. In: Sternstunden der Menschheit. Vierzehn historische Miniaturen. Fischer Taschenbuch Verlag, ISBN 3-596-20595-6.
  • Hans Joachim Marx: Das Händel-Handbuch in 6 Bänden, Laaber-Verlag, Laaber, 2008, ISBN 978-3-89007-684-3.
  • Peter Overbeck: Georg Friedrich Händel, Suhrkamp-Verlag, Frankfurt/M. 2009 (BasisBiographien 37), ISBN 978-3-518-18237-6.
  • Michael Wersin: Händel & Co. Die Musik der Barockzeit, Reclam, Stuttgart, 2009, ISBN 978-3-15-020181-7.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje kyrkjeboka Georg Friederich Händel, anglisert George Frideric Handel
  2. British Citizen by Act of Parliament: George Frideric Handel
  3. Georg Friedrich Händel, Hedwig Müller von Asow, John Mainwaring: Biographie, Briefe und Schriften (Google Books)
  4. Tårnpara er skeive i forhold til kvarandre på grunn av ei forkasting under marknadsplassen
  5. Georg Philipp Telemann: Autobiographie, utgjeven av Johann Mattheson, s. 358 (Wikisource).
  6. 6,0 6,1 Donald Burrows. Handel. Oxford University Press, 1994.
  7. Largo på Youtube
  8. Se [http://www.barnelms.com/ barnelms.com.
  9. Hogwood, Christopher (2005). Handel: Water Music and Music for the Royal Fireworks. Cambridge: Cambridge University Press. s. 27. ISBN 9780521836364. 
  10. Donald Burrows. Handel. Oxford University Press, 1994.
  11. Kfr. vam.ac.uk.
  12. Vgl. westminster-abbey.org.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georg Friedrich Händel

Media[endre | endre wikiteksten]

Primærkjelder, biografier osv.[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]