Georg Friedrich av Waldeck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg Friedrich av Waldeck

Georg Friedrich av Waldeck (31. januar 162019. november 1692) var ein tysk og nederlandsk feltmarskalk.

I 1641 gjekk Waldeck inn i teneste for Nederland, og i 1651 i teneste for Brandenburg. Her vart han minister og endra utanrikspolitikken i staten totalt då han sa opp alliansen med keisaren og prøvde å danne ein koalisjon med dei protestantiske fyrstane.

I 1656 arrangerte han ein allianse med Sverige, og kommanderte kavaleriet i slaget ved Warszawa i 1656 mot Polen. Han vart avsagt i 1658 då Fredrik Vilhelm av Brandenburg gjorde fred med Polen.

Sidan kjempa han under Karl X Gustav av Sverige mot Danmark, som tysk riksfeltmarskalk i 1664 nær Sankt Gotthard. I 1683 kommanderte han bayerske soldatar under slaget ved Wien. I 1685 kjempa han som frilansar for hertugen av Lorraine og kurfyrsten av Bayern.

Etter at Vilhelm III reiste til England i 1688 for gjere krav på den engelske trona, vart Waldeck utpeikt som feltmarskalk for styrkane til Vilhelm under niårskrigen i Dei spanske Nederlanda. Sjølv om han sigra i slaget ved Walcourt i 1689, leida han eit kraftig nederlag året etter mot marskalk Luxembourg i slaget ved Fleurus.

I 1691 vart han igjen utmanøvrert av Luxembourg og slått i slaget ved Leuze. Etter nederlaget vart Waldeck utpeikt som stabssjef for den nederlandske hæren. Han døydde 19. november 1692 i Arolsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]