Georg IV av Storbritannia
Georg IV av Storbritannia (12. august 1762–26. juni 1830) var britisk konge frå 1820 til 1830 og prinsregent frå 1811 til 1820.
Georg IV, engelsk namn George Augustus Frederick, tysk Georg IV. August Friedrich, var medlem av det tyske fyrstehuset Hannover. Han var Georg III sin eldste son og styrde som prinsregent medan faren var sjuk. I 1820 blei Georg IV blei konge av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland og fyrste av Hannover.
Han gifta seg med enkja Maria Anne Fitzherbert, i desember 1785. Ettersom ho var katolikk vart ekteskapet ikkje godkjend etter lova. I 1795 gifta han seg opp att med syskenbarnet Caroline av Braunschweig. Dei likte ikkje kvarandre og levde åtskild med nokre få dagar som unnatak. Dei fekk trass i dette dottera Charlotte Augusta av Storbritannia i 1796. Dottera døydde i 1817, og George IV stod utan arvingar. Caroline vart stengd ute frå kroninga i 1820, noko som vart sett på som ei stor skandale.
Georg IV døydde i 1830 og vart etterfylgd av den yngre broren Wilhelm (engelsk William).
