Georg I av Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George I of Greece.jpg

Georg I (24. desember 184518. mars 1913) var ein dansk prins som blei konge av Hellas i 1863 og myrda i 1913.

Han var fødd prins Vilhelm i København, andre son av Kristian IX av Danmark og Louise av Hessen-Kassel. Syskna hans var mellom anna Frederik VIII av Danmark, dronning Alexandra av Storbritannia, og tsarina Dagmar av Russland.

Prinsen hadde ein karriere i den danske marinen, men blei 17 år gammal vald til konge av grekarane den 30. mars 1863 etter at Otto var avsett. Han tok kongsnamnet Georgios og lærte seg raskt gresk.

Medan han vitja syster si Dagmar i Russland trefte han Olga Konstantinova, som var syskenbarn til tsaren. Dei to gifte seg i 1867, og fekk åtte ungar saman. Georg snakka som regel tysk med Olga, men engelsk med ungane, som hadde engelske barnepassarar.

Sjølv om den nye kongen opphavleg hadde møtt skepsis blant grekarane, blei han etter kvart godt likt, og han styrte Hellas med betre resultat enn kong Otto. Georg styrka gresk herreømde over Thessalía og Ípiros, og slo ned eit opprør på Kreta. Han stod for opninga av dei først olympiske leikane, som blei haldne i Aten i 1896

Kong Georg vart 6. oktober 1906 tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

Balkankrigen førte til tap av store landområde for Hellas. Året etter at krigen tok til, blei kongen drepen av greske Aleksander Schinas i Salonika (no Thessaloníki). Sonen Konstantin blei ny gresk konge.


Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk