Georg Kaiser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg Kaiser

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 25. november 1878
Magdeburg
Død

4. juni 1945 (66 år)
Ascona

Yrke skodespelforfattar, skodespelar, manusforfattar, skribent, librettist, lyrikar
Medlem av Akademie der Künste Berlin
Georg Kaiser på Commons
Minnetavle i Berlin-Charlottenburg

Friedrich Carl Georg Kaiser (fødd 25. november 1878 i Magdeburg i Tyskland, død 4. juni 1945 i Ascona i Sveits) var ein tysk dramatikar. Han var produktiv og skreiv innanfor mange ulike stilar, men vart kjend som ein framgangsrik ekspresjonistisk dramatikar, og var, saman med Gerhart Hauptmann, den mest framførte dramatikaren i Weimarrepublikken.[1] Dei mest kjende stykka til Georg Kaiser er Die Bürger von Calais (1913), Von morgens bis mitternachts (1912) og ein trilogi som omfattar Die Koralle (1917), Gas (1918), Gas II (1920).

I åra 1899–1901 arbeidde Kaiser som kontorist ved AEG i Buenos Aires men vart nøydd til å vende tilbake til Tyskland etter å ha fått malaria. Der var han innlagd på sanatorium fleire gonger. Han gifta seg i 1908 og kunne leve av dramatikken han skreiv, men kom stadig i finansielle vanskar og vart i 1921 dømd til ei kortare fengselsstraff for bedrageri.

Die Bürger von Calais, som var eit historisk antikrigsdrama skrive i 1913, vart ikkje oppført før i 1917. Det vart den fyrste suksessen til Kaiser.[1] Stykket er svært språkleg kompakt, med ein dialog som omfattar mange kjenslemessige monologar som er inspirerte av den poetiske telegramstilen til August Stramm. På same måte som i dei andre verka til Kaiser frå denne perioden, kan ein merke påverknad frå filosofien til Nietzsche. Det er eit ekspresjonistisk forvandlingsdrama der personane er typar og idéberarar. Han kalla sjølv stykka sine for «tankespel», og kombinasjonen av idealistisk ekstatiske visjonar av mennesklig fullkomenskap og intellektuelt formmedvit er karakteristisk.

Von morgens bis mitternachts, som vart filmatisert av Karlheinz Martin i 1920, vart skrive i 1912 og fyrste gong framført i 1917. Det er eit av dei mest oppsette verka innanfor tysk ekspresjonistisk teater, og handlar om ein kasserar (spela av Ernst Deutsch i filmen til Martin) i ein liten bank i W. (Weimar) som vert merksam på kor mykje makt det ligg i pengar av ei besøkjande rik italiensk kvinne. Han underslår 60 000 mark og rømmer til B. (Berlin), der han forsøkjer å finne nye opplevingar gjennom sport, romantikk og religion, men endar berre opp med å verte frustrert.

Kaiser sitt drama Nebeneinander frå 1923 hadde premiere i Berlin 3. november 1923, og vart regissert av Berthold Viertel. Med dette stykket fjerna Kaiser seg frå ekspresjonismen i dei tidlegare verka. Han brukar ei meir avrunda karakterisering og ein meir realistisk, men komisk dialog for å fortelje ei historie om ein idealistisk pantelånar som lir under den tyske hyperinflasjonen på 1920-talet.

Kaiser samarbeidde med komponisten Kurt Weill under eiaktsoperaen Der Protagonist (1926), Der Zar lässt sich photographieren (1928) og Der Silbersee (1933). Etter musikalen Silbersee fekk han utgjevingsforbod av nazistane. I 1938 emigrerte han til Sveits med elskarinna si.[1]

Seinare vidareutvikla han kritikken av den moderne tekniske og kapitalistiske verda som hadde kjenneteikna Gastrilogin. Han byrja deretter å skrive dramatikk på vers med mytologiske tema.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Schellenkönig (1895–96; 1902–03)
  • Von morgens bis mitternachts (1912)
  • Die Bürger von Calais (1912–13; 1923)
  • Der Fall des Schülers Vehgesack (1914)
  • Rektor Kleist (1914)
  • Die Koralle (1917)
  • Gas (1918)
  • Die Dornfelds
  • Der Protagonist (1920; 1926, libretto til ein opera av Kurt Weill)
  • Die jüdische Witwe (1920)
  • David und Goliath (192?, komedie i tre akter)
  • Der Zar lässt sich photographieren (1927, opera med musikk av Kurt Weill)
  • Der Silbersee (1933, musikk av Kurt Weill)
  • Der Soldat Tanaka (Zürich, New York 1940, Oprecht Verlag, teaterstykke)
  • Das Floß der Medusa (1940–1943)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Banham, Martin [ed.]: «Kaiser, Georg» i The Cambridge Guide to Theatre. (Cambridge: Cambridge University Press, 1998 – ISBN 0521434378), s. 585.