Georg Ossian Sars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Georg Ossian Sars
Foto: Frederik Klem / Oslo Museum

Georg Ossian Sars, ofte omtala som G. O. Sars (20. april 18377. april 1927), var ein norsk marinbiolog. Han vart fødd i Florø, og foreldra hans var ikkje heilt ukjende Michael Sars (1805 - 1869) og Maren Cathrine Welhaven Sars (1802-1889). Bror hans var historikaren Ernst Sars.

Som far sin var G. O. Sars ein systematisk biolog som beskreiv ei røys med nye artar, særleg innanfor krepsdyr som muslingkreps (Ostracoda), mysidar og kril.

Då Michael Sars døydde i 1869 overtok sonen arbeidet hans med å studera variasjonar i norsk torskefangst. På denne tida var torsk den viktigaste norske eksportartikkelen, og kunnskap om bestandane var avgjerande for å kunne ha oversikt over økonomien. Georg Sars fekk såleis æra av å reknast som den første som gjorde eit seriøst studium i fiskerivitskap.

G.O. Sars var tilhengjar av evolusjonsteorien til Charles Darwin, og var den fyrste nordmannen som føreleste om han. Det skjedde ved Universitetet i Oslo.

Forskingsskipet «FF G.O.Sars» til Universitetet i Bergen er oppkalla etter han. Eit nytt skip med same namn erstatta i 2003 det tretti år gamle «G.O.Sars».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Georg Ossian Sars