Georg Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Filologen og eidsvollmannen Georg Sverdrup

Georg Sverdrup (døypt Jørgen Sverdrup) (25. april 17708. desember 1850) var ein filolog, eidsvollsmann og stortingsmann. Minnet om han er i særleg grad knytt til riksforsamlingaEidsvoll.

Filolog[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup var fødd i Nærøy i Nord-Trøndelag. Han var son av ein proprietær, og fekk privatundervisning fram til 1787. Dei neste to åra gjekk han på katedralskulen i Trondheim, vart student 1789. Han tok andreeksamen i 1790, og studerte vidare medan han arbeidde som manuduktør. Alumnus ved Borchs kollegium 1794-98. 1798 avla han ved universitetet i København den for filologar bestemte skuleeksamen. 1798-99 studerte han ved universitetet i Göttingen. Åra 1799-1803 var han overlærar i historie og geografi ved katedralskulen i Kristiania. I 1803 vart han lærar på ein skule i København. To år seinare vart han lærar for den historisk-geografiske klassa på universitetet. Omtrent samstundes vart han professor i gresk.

Under forsvaret av København i 1807, deltok han som sjef for 7. kompani.

universitetet i Oslo vart oppretta vart Sverdrup boden eit professorat i gresk, tok til i dette i 1813. Attåt professoratet i gresk, førelas han 1817-23 i latinsk filologi.

Sverdrup fekk ansvar for oppbyggjinga av det første norske universitetsbiblioteket. På grunn av napoleonskrigane måtte ein vente på dei 50 000 bøkene i København, som var tiltenkt det norske universitetsbiblioteket. Det tok endå eit år, 1816, før regjeringa skaffa lokale til samlinga, og bibliotekbygget stod ferdig først i 1828, med totalt 90 000 bind. Sverdrup var universitetsbibliotekar frå 1813 til 1845. Perioden 1831-41 var han professor i filosofi.

Georg Sverdrups grav på Vår Frelsers gravlund i Oslo, gravminnet reist i 1985

Politikar[endre | endre wikiteksten]

Sverdrup kjende Kristian Fredrik frå tida i København. Vinteren 1814 påverka han den politiske utviklinga i Noreg. Mellom anna møtte han på stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar, og gjorde personar og grupperingar kjende med kvarandre. Også i forarbeidet med grunnlovsteksta var han aktiv.

Under riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 representerte han Christiania, og han var ein leiande talsmann for sjølvstendepartiet. Han var mellom anna medlem av konstitusjonskomiteen under forhandlingane. 17.-19 mai 1814 var han president for riksforsamlinga, og dermed ordførar for deputasjonen som 17. mai møtte den nyvalde kongen.

Sverdrup var stortingsrepresentant både i 1818 og i 1824. I 1818 var han stortingspresident. Han var elles formann i ni av dei nitten komiteane han var medlem av. Mellom dei komiteane han leia var fullmaktskomiteen, redaksjonskomiteen, om juridisk eksamen, om artium, om filologisk seminar, og om kvekarane. Også i 1824 vart han vald til stortingspresident, men straks friteken grunna svakt syn. Han var likevel president i Lagtinget.

Sverdup døydde i Kristiania, og vart gravlagd på Vår Frelsers gravlund. Han ynskte ikkje monument på grava, eit ynskje som vart etterkome. Men i 1985 vart eit gravmonument reist.

Det nye universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo, som stod ferdig i 1999, har namn etter Sverdrup.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]