Georg av Hessen-Darmstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kjelde: Stadtarchiv Darmstadt

Prins Georg Ludvig av Hessen-Darmstadt (166913. september 1705) var ein feltmarskalk i den austerrikske hæren. Han er kjend for karrieren sin i Habsburg Spania, som statthaldar i Catalonia (1698–1701), øvstkommanderande i den austerrikske armeen i den spanske arvefølgjekrigen (1701–1705) og guvernør i Gibraltar i 1704. Han vart på spansk kalla Jorge de Darmstadt og på katalansk Jordi Darmstadt.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Han var fødd i Darmstadt i Hessen i Tyskland i 1669,[1] Georg Ludvig av Hessen-Darmstadt var den tredje sonen til landgreve Ludvig VI av Hessen-Darmstadt. Faren døydde då han var ung og han voks opp hos mora Elisabeth Dorothea av Sachsen-Gotha. I 1686 tok han ein danningsreise gjennom Frankrike og Sveits. Som den yngste sonen hadde han liten sjanse til å verte landgreve og var derfor bestemt for ein militærkarriere.

Militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Først kjempa han mot tyrkarane under prins Eugene av Savoie. Han var til stades i slaget ved Mohacs. Så vart han med Vilhelm III av Oranien i det irske felttoget. Etter han kom attende konverterte han til katolisisme og vart Generalfeldwachtmeister (generalmajor) i den austerrikske hæren i 1692, berre 23 år gammal.[1]

Han kjempa så mot franskmennene i niårskrigen. I 1695 vart han sendt av keisaren til Spania for å leie ein arme av 2 000 tyske soldatar for å støtte forsvaret av Catalonia mot den større franske armeen og marinen.[1]

I 1697 forsvarte han Barcelona som var kringsett av Vendôme på land og admiral D’Estrées til sjøs.[1] Byen overgav seg til slutt etter 52 dagar.[1] Dette var etter ordre frå Madrid og mot ønsket til prins Georg Ludvig.

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen vart han gjort ære på i Spania og slått til riddar i 1697 av Ordenen av det gyldne skinnet.[1] Etter at franskmennene trekte seg ut, vart han statthaldar i Catalonia, og vart i spanske offisielle dokument omtalt som Jorge de Darmstadt. Han lærte seg noko katalansk og starta nokre reformer som gjorde han ganske populær i regionen.. I 1699 vart han utpeikt til General der Kavallerie (kavalerigeneral).[1]

I 1700 døydde kong Karl II og vart etterfølgd av franske Filip V. Prins Georg Ludvig vart erstatta i 1701 av ein pro-bourbonsk statthaldar: Luis Antonio Tomás Fernández de Portocarrero, og han reiste attende til Austerrike. Der fekk han ordre frå keisar Leopold om å forhandle fram ein allianse med England og Portugal for å støtte krava til den spanske trona for sonen til Leopold, erkehertug Karl.

Etter den spanske arvefølgjekrigen braut ut, vart han øvstkommanderande for dei austerrikske styrkane som støtta erkehertug Karl i Spania. I 1704, under hans kommando, gjek 1800 nederlanske og engelske marinesoldatar i land nær Gibraltar, tok festninga og forsvarte så staden mot ei spansk-fransk omleiring og fleire påfølgjande åtak.[1] Då kringsetjinga var over i 1705, forlet han Gibraltar og tok kommando over erobringa av Barcelona. Han mista livet den 13. september under storminga av citadellen Montjuich.[1]

Han var gravlagd i Església dels Josepets de Gràcia. Hjartet hans vart i 1711 sendt til Darmstadt, der det ligg i Stadtkirche enno. Ei gate i Barcelona er kalla opp etter han: Carrer del Príncep Jordi.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 ProFil: Prince George of Hesse-Darmstadt