George Anson si jordomsegling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ruta til «Centurion» under George Anson

George Anson si jordomsegling var eit tokt som kommandør George Anson gjennomførte med åtte skip då Storbritannia var i krig med Spania i 1740. Han kom tilbake til England i 1744 etter å ha vore i Kina og erobra ein spansk gallion ved Filippinane. Anson tapte mange mann og skip på grunn av sjukdom, uvêr og kamphandlingar, og returnerte med berre 188 av 1854 mann.

Førebuingar[endre | endre wikiteksten]

Spania transporterte store rikdommar og mykje varer frå Den nye verda i Amerika til heimlandet. Storbritannia hadde forhandla fram ein avtale med Spania som tillet dei å sende eit handelsskip i året til dei spanske koloniane, samt slavar, men mange handelsskip opererte med ulovleg handel og spenningane mellom dei to nasjonane førte til slutt til krigen om øyra til Jenkins.

Britane hadde fleire planar for å erobre dei spanske koloniane. Edward Vernon hadde erobra Portobelo i november 1739 og ein annan skvadron vart leia av George Anson, som skulle segle rundt Kapp Horn med seks krigsskip og 500 soldatar for å ta Callao i Peru, så ta Lima og Panama om mogeleg, ein galleion frå Acapulco og starte eit opprør mellom peruanarane og spanjolane.[1]

Skvadronen til Anson bestod av seks krigsskip:[2]

I tillegg skulle to handelsfartøy, «Anna» og «Industry», frakte forsyningar.

Då skvadronen skulle legge i veg i midten av august 1740 vart dei stogga av kraftig vind, og måtte så eskortere handelsfartøy ut av Den engelske kanalen før dei kom seg i veg den 18. september. På grunn av forseinkinga hadde franskmennene fått nyss i planane til britane, og fortalt det vidare til spanjolane, som sendte fem krigsskip til Madeira, som då var nøytral og skulle vere anløpshamn for Anson.

Til sjøs[endre | endre wikiteksten]

Skvadronen nådde Madeira 25. oktober 1740 og kom seg raskt vidare etter å ha lasta om bord forsyningar den 3. eller 5. november, utan at noko meir skjedde her.[3] Hadde dei møtt den spanske skvadronen hadde toktet truleg vore over sidan Anson måtte ha kasta over bord dei store mengdene forsyningar som låg på dekk og hindra effektiv manøvrering i kamp.

Ganske snart byrja maten å rotne og det var stort behov for utlufting i dei lågare dekka. Normale ville kanonportane ha stått opne, men sidan skipet låg så lågt i sjøen på grunn av dei mange forsyningane, så vart dette umogeleg og dei måtte skjere luftehol i skipssida. Dette var berre ein del av eit større problem som skulle få katastrofale følgjer. Dei overfylte skipa hadde køyer som hang tett i tett og tyfus eller «skipsfeber», spreidde seg raskt med kroppslus, som treivst i det varme, fuktige og uhygieniske tilhøva. Etter to månader til sjøs vart store delar av mannskapet råka av denne sjukdomen og dysenteri.

Anson-Mason-1748-13.jpg

Skvadronen nådde Isla de Santa Catarina, ei stor øya like utanfor kysten av Sør-Brasil den 21. desember og dei sjuke vart sendt på land. Skipa vart grundig reinsa, og det vart tent bol inne i skipa med skalka luker slik at røyken ville ta livet av rotter og andre skadedyr. Til slutt vart alt vaska med eddik.

Anson-Mason-1748-09.jpg

Anson håpte å kome seg raskt vidare, men masta på «Tryal» måtte fiksast og dette tok ein månad. Mannskapet, som no budde i telt på land, vart utsett for moskitoar og snart dukka det opp malaria, og talet på sjuke auka. 18. januar 1741 la skipa ut på havet igjen med ein fjerdedel av mannskapet på «Centurion» sjuke.[4] Anson segla mot Puerto San Julián, nær austsida av Magellansundet. Fire dagar seinare vart skipa råka av storm og den reparerte masta til «Tryal» knekte, slik at «Gloucester» måtte slepe skipet. I tillegg kom «Pearl» bort frå resten av skvadron og kapteinen her omkom. Løytnant Sampson Salt tok over skipet og såg fem skip i horisonten, men vart forferda då han oppdaga at det var dei spanske skipa som omsider hadde teke dei igjen. Mannskapet kasta alt dei ikkje trong over bord og heiste ekstra segl. Spanjolane trudde at Pearl var på veg mot ei grunne og følgde ikkje etter, men grunna var berre gytande fisk og Pearl kom seg unna.

Anson-Mason-1748-06.jpg

Sjølv om dei spanske skipa var i nærleiken, hadde ikkje skvadronen noko anna val enn å stoppe i St. Julian, der det verken var tre eller ferskvatn.

Skipa nådde Le Maire-sundet ved Kapp Horn den 7. mars 1741 i uvanleg fint vêr for årstida, men vêret endra seg brott og ein kraftig storm kom opp frå sør. I vekene etter fekk mykje av mannskapet skjørbuk, i tillegg til dei sjukdommane som alt rådde. Hundrevis av menn døydde i vekene etter at skipa runda Hornet.[5]

Fleire uvêr råka skvadronen, og både «Severn», «Pearl» og «Wager» kom bort frå resten av skvadronen. «Centurion» og «Gloucester» hadde lause eller skadde segl og mannskapet var for få eller for svake til å reparere dei. Skvadronen hadde vorte einige om tre møtepunkt om dei kom frå kvarandre og «Centurion» kom først fram til Isla Guamblin i Chile den 8. mai. Då ingen andre skip kom etter to veker, la Anson ut mot det tredje møtepunktet ved Juan Fernandez, sidan Valdivia, det andre møtepunktet, vart sett på som for farleg.

Anson-Mason-1748-14.jpg

Dårlege kart gjorde at øyane var vanskeleg å finne og ført 9. juni fekk dei sikte på øyane. I løpet av tida som hadde gått hadde 70-80 mann døydd om bord. Centurion hadde no berre 8 mann og resten av offiserane igjen. Ved øyane var det ingen andre skip, men såg då «Tryal» som var på veg inn mot øyane. Her var berre kapteinen og tre sjømenn oppegåande på dekk. Etter kvart nærma òg Gloucester seg og her hadde 254 av mannskapet omkomme, og berre 92 mann var att, dei fleste sjuke av skjørbuk.

Anson-Mason-1748-18.jpg

Fersk mat og fisk gjorde at nokre kom seg raskt att, medan andre var for sjuke og døydde. Den 16. august dukka brått «Anna» opp i bukta. I to månader hadde mannskapet gjort reparasjonar på skipet på ei anna øy, medan mannskapet vart betre, før dei la på veg mot Juan Fernandez. Anna var derimot så skadd at Anson forlet skipet der og overførte mannskapet til Gloucester.

Anson sette segl i september 1741 og hadde då mista 626 eller om lag to tredjedelar av mannskapet.[6] To av dei andre skipa, «Severn» og «Pearl» hadde kome bort frå resten av skvadronen, og på grunn av kraftig pålandsvind kom dei seg ikkje til havs. Til slutt hadde det gått så lang tid at de bestemte seg for å segle tilbake rundt Kapp Horn og vende skutene heimover. Det tredje skipet som var kome ut av syne var «Wager». Dette skipet hadde forlist ved ei øy utanfor Chile og mannskapet var stranda på øya. Dei bygde så om skipsbåten på 38 fot og hadde i tillegg ein kutter på 30 fot. Med desse segla mannskapet 71 sørover for å nå austsida av Sør-Amerika. Kutteren måtte raskt vende tilbake og berre skipsbåten klarte turen.

Utanfor Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Anson var no usikker på kva han skulle gjere. Det var ni månader sidan siste nyhende hadde kome til han og det kunne hende at Spania ikkje lenger var i krig med Storbritannia. Han tenkte på å reise vidare til Panama, som var ein del av den opphavlege planen, og oppdaga så eit skip som var på veg mot han. Det var eit spansk handelsskip som raskt overgav seg til engelskmennene. Ombord var ein del gull og sølv, men enno viktigare var dokumenta som synte at nasjonane framleis var i krig, og at britane ikkje hadde klart å ta spanjolane i Karibia, slik at han truleg ikkje kunne vente seg noko støtte i Panama.

Skvadronen vart verande utanfor kysten av Sør-Amerika ei tid og jakta på spanske handelsskip. Med lite mannskap om bord hadde ikkje Anson forhåpningar om å ta noker spanske byar, men byen Paita var liten nok og for dårleg verna slik at Anson nærast kunne marsjere rett inn i byen utan særleg kamp.

Anson-Mason-1748-24.jpg

Skvadronen segla no vidare med erobra spanske skip på slep mot Acapulco i håp om å møte nokre av gallionane frå Manilla. Dei hadde no rikeleg med næringsrik mat og etter Juan Fernandez, sju månader tidlegare, hadde berre to av mannskapet døydd. Acapulco viste seg å vere vanskeleg å finne, men dei kom til slutt fram og fann ut at gallionen frå Manilla hadde kome fram tre veker tidlegare, men at han skulle til sjøs igjen 3. mars, to veker seinare. Gallionen hadde eit mannskap på 400 og 58 kanonar.

Planen var å nytte «Centurion» og «Gloucester» til å ta gallionen, så det meste av mannskapet vart tekne om bord her med spanske slavar til å bemanne kanonane, mot at dei vart lovd fridom i etterkant. Skvadronen heldt seg langt nok til havs til at dei ikkje kunne observerast frå land, men sende skipsbåten innover for å halde auge med gallionen. Spanjolane oppdaga skipsbåten og skjønte at det var ei felle på vent utanfor hamna. Sidan Anson ikkje kunne angripe den godt forsvarte byen kunne han ikkje gjere noko anna enn å vente, og då april kom hadde skvadronen lite vatn att. Dei segla så nordaustover der det visstnok skulle vere ei god vasskjelde, og let ein kutter vere att for å halde auge med Acapulco.

Sidan spanjolane no var klar over skvadronen hans var det sikkert at han måtte segle heim at om Kina og ikkje rundt Kapp Horn igjen. Før Anson sette segl måtte han kvitte seg med dei tre spanske prisskipa og ta mannskapet om bord. Så segla han sørover til Anson for å finne mennene om bord på kutteren, men denne var ingen stad å sjå. Han rekna med at dei var tekne til fange og sende seks spanske fangar på land i ein liten båt med ei melding som sa at han ville sleppe fri resten av fangane om han fekk tilbake mennene sine. Etter tre dagar utan svar dukka brått kutteren opp frå havet. Mannskapet var i særs dårleg forfatning og hadde ikkje vore i land. Dei var særs solbrente etter seks veker i ein open båt til sjøs. Anson sendte så 57 av fangane på land, inkludert alle spanjolane, men heldt tilbake 43 andre av andre rasar. 6 mai 1742 sette han segl vestover over Stillehavet.

Kryssinga av Stillehavet[endre | endre wikiteksten]

Basert på tidlegare forteljingar skulle kryssinga av Stillehavet vere ei lett oppgåve og ta om lag to månader. Andre sjømenn hadde reist ut sør for Acapulco og vorte fanga av passatvindane som bles konstant mot vest mellom 10° og 14°N. Ingen av desse hadde derimot reist frå området i mai, ei tid då passatvindane ligg lenger nord, og Centurion og Gloucester vart liggande vekevis i rolege vindforhold og sterk varme.

Dette fekk etter kvart følgjer for mannskapet. Fangane var dei første som utvikla skjørbuk, og etter kvart spreidde det seg til resten av mannskapet også.

I juli mista Gloucester det meste av riggen og ein stor lekkasje opna seg den 13. august. Lekkasje var det òg om bord på Centurion, så Anson nølte først med å ta om bord mannskapet frå Gloucester. Til slutt såg han ingen andre høve enn å gjere dette og tok med seg det som var å redde frå Gloucester, hovudsakleg skattane frå dei spanske skipa. Gloucester vart sett i brann slik at spanjolane ikkje skulle få tak i det tomme skipet.

8-10 mann døydde kvar dag og lekasjen vart etter kvart så alvorleg at sjølv Anson måtte ta til pumpene. Det var no eit kappløp med tida for å nå land, sjølv Guam, som då var ein del av Spania. Tinian ligg nordaust for Guam og vart observert den 23. august, men det tok fire dagar å finne ein trygg ankringsplass. Anson heiste spansk flagg i håp om verte godt teken imot og ein spanjol kom ut for å møte dei i lag med fire innfødde. Dei var dei einaste på øya så Centurion kom inn til lands og ankra opp. 128 av mannskapet var sjuke og vart ført i land. 21 av dei døydde like etter. Øya var eit tropisk paradis med mykje frukt og andre matvarer, samt ferskvatn og kveg, som spanjolane hadde sett i land her.

Centurion vart forsøkt reparert, men det viste seg å vanskeleg å finne lekkasjen utan skikkeleg hamnefasilitetar. Ein stor bakdel med Tinian var at ho ikkje hadde gode ankringsplassar, og då ein kraftig storm råka øya natt til 18. september blåste skipet til sjøs. For dei 109 radmagre mennene om bord og dei 107 mennene på land var dette særs urovekkande. Mennene på land håpte at Centurion hadde blåst så langt til havs at dei vart fanga av vestavinden som ville føre dei til Macau, der dei kunne reparere skipet å komme tilbake att. Anten det eller at skipet hadde forlist. Uansett var dei no aleine.

Det var ein liten bark på øya som vart nytta til å føre kjøt tilbake til Guam. Denne kunne ta 30 mann. Dei ønskte ikkje å dra til Guam der dei garantert ville hamne i fengsel, så dei valde å bygge barken større å prøve å nå Macau. Det var stor uro om skipet ville kunne ta alle på øya og om det var plass nok til forsyningar for den lange reisa. Fleire ønskte derfor å vere attende på øya i staden for å forsvinne til havs. Alle vart overraska då Centurion brått dukka opp igjen etter 19 dagar. Mannskapet hadde kjempa heroisk med å halde skipet flytande og hadde gradvis fått kontroll på skipet slik at dei kunne ta ho til Tinian igjen. Eit par dagar seinare blåste ho til havs igjen, men denne gongen med det meste av mannskapet om bord, slik at dei kom seg tilbake etter berre fem dagar. Sjølv om skipet framleis ikkje var sjødyktig sette dei 20. oktober segl mot Macau etter å ha teke om bord ferskvatn og frukt. Dei kom seg til hamna den 11. november.

Anson fekk ein del problem med dei kinesiske styresmaktene, som ville behandle skipet som eit vanleg handelsskip og ikkje eit krigsskip. Det vil sei at dei ville om bord for å kontrollere skipet, noko som var vanleg i Europa for handelsskip, men ikkje for krigsskip. Anson fekk smugla om bord forsyningar, men hadde òg sterk trong for å reparere skipet. Han skreiv direkte til den kinesiske statthaldaren i området og kravde å få all den hjelpa han trong, og etter to dagar dukka kinesiske tenestefolk opp og inspiserte skipet. Dei vart imponert over slagkrafta til skipet og innsåg at det var i deira eige interesse å få skipet bort der frå. Skipet vart så kjølhalt.

Erobringa av Acapulco-gallionen[endre | endre wikiteksten]

Anson planla først å segle rett heim til England, men sidan toktet til no hadde vore fullstendig mislukka ønskte han å gjere eitt eller anna før han drog heim att, og ønskte å ta ein gallion før han kom fram til Filippinane. Anson forlet Macau 19. april 1743. Det var no 227 mann om bord mot normalt 400, så det dei mangla i manntal måtte dei ta igjen i fart og nøysemd. Samstundes med at dei låg på vent på ein gallion, trente dei derfor med kanonane. Like før dei gav opp ventinga dukka det opp ein gallion morgonen den 20. juni.

«Centurion» erobrar «Covadonga»

Centurion skar fram like føre den spanske gallionen og avfyrte kanonane sine på kloss hald og hindra på den måten spanjolane i avfyre sine. Etter nitti minuttar overgav spanjolane seg go det heile var over. Covadonga hadde mista 67 mann, medan 84 var skadde, medan Centurion berre mista tre mann og hadde 17 skadde. Skipet førte 1 313 843 spanske dollar-myntar og 1011 kg sølv.[7]

Anson-Mason-1748-40.jpg

Med seg to Anson òg 300 spanske fangar, som vart plassert i lasterommet med berre to luker opne for lufting. Dei fekk berre ein halvliter vatn kvar per dag, men alle overlevde turen til Macau, der dei kom fram 11. juli.

Dei kinesiske styresmaktene såg med vantru at Anson returnerte til kysten, og denne gongen med den slagne Covadonga på slep. Europearane var redd for at handelsprivilegia deira no ville verte trekt tilbake og at erobringa av gallionen ville øydeleggje handelen med Manila. Etter mykje vanskar med å få tak i forsyningar for reisa vidare, møtte Anson til slutt statthaldaren i Canton, og fekk dei forsikringane han ønskte.

Reisa heimatt[endre | endre wikiteksten]

7. desember 1743 la dei ut frå Canton og stoppa i Macau der den spanske gallionen vart seld. Frå Macau reiste dei den 15. desember. Anson ønskte å kome seg raskt attende til England, før nyhendene om skatte han førte nådde Frankrike og Spania.

Skipet stoppa 8. januar ved Prince's Island i Sundasunda mellom Sumatra og Java for å ta om bord ferskvatn og forsyningar, og nådde Cape Town nær Kapp det gode håp den 11. mars. Han reiste vidare 3. april etter å ha tatt om bord fleire menn og nådde Spithead i Storbritannia den 15. juni 1744, etter å ha segla gjennom tåka for å unngå franskmennene i Den engelske kanalen.

Av det opphavlege mannskapet frå Centurion, Gloucester, Tryal og Anna var 188 igjen, medan 500 av totalt 1900 frå heile skvadronen hadde overlevd. Anson vart ein kjend mann då han kom heim og fekk møte kongen. Skatten hans vart ført gjennom gatene i London til stor jubel frå dei store massane som var komen for å sjå. Krangling om prisepengane hamna i rtten og offiserane vende seg mot kvarandre. Det største problemet var statusen til offiserane frå Gloucester og Tryal etter at dei kom om bord på Centurion, sidan Anson ikkje formelt hadde forfremma dei til offiserar på flaggskipet. Etter admiralitetslovboka mista dei rangen sin og var berre vanlege sjømenn, noko som gjorde at dei berre fekk £500 i staden for £6000[8].

Anson fekk tre åttandedelar av skatten som var tilgjengeleg frå Covadonga[8], som tilsvara £91 000. Sjømennene fekk berre rundt £300, men sjølv dette tilsvara 20 årslønner.[9]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: George Anson si jordomsegling

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 10-14
  2. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 15
  3. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 29 seier 5. nov., medan denne kortare utgåva seier 3. nov.
  4. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 33
  5. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 44
  6. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 65
  7. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 167
  8. 8,0 8,1 Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 211
  9. Williams, Glyn. 1999. The Prize of All the Oceans. Viking, New York. ISBN 0-670-89197-5, s. 218