George Bellows

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Bellows
Klippebuarar, 1913
Dempsey og Firpo, 1924

George Wesley Bellows, (19. august 18828. januar 1925) var ein USA-amerikansk målar og grafikar. Dei kraftfulle og realistiske bileta hans, ofte frå idrettstevlingar; til dømes boksescena Dempsey and Firpo frå 1924, skildrar i sterke fargar dei første tiåra av det 19. hundreåret i USA.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bellows var fødd og voks opp i Columbus i Ohio. Åra 1901–04 studerte han ved 'The Ohio State University'. I si tid som student var han med på universitetslaga i baseball og basketball, samt laga illustrasjonar til Makio, årboka til universitetet. År 1904 flytta han til New York City for å studere kunst.

Han fekk undervisning av Robert Henri ved 'New York School of Art', og slutta seg til gruppa The Eight og til Ashcan School. I 1906 leigde Bellows eit atelier på Broadway i New York.

Bellows vart lag til merke i 1908, då han i lag med nokre andre av Henris elevar stilte ut ei rad med bymotiv. Mange kunstkritikarar såg på måleria som stygge, medan andre fann dei forfriskande djerve og opplevde dei som vidareføring, men eit steg lengre, av verka til læremeisteren deira.

Bymotiva frå New York skildra dei harde levekåra til arbeidarklassen, men var også ei satire vend mot overklassa. Frå 1907 til 1915 laga Bellows ei serie måleri som synte New York i snøver, og samstudnes var eit eksperiment der han utvikla si sterke kjensle for lys og strukturar.

Bellows seinare verk konsentrerte seg meir om familielivet, der kona hans og døtrene deira var favorittmodellar. Desse måleria viste eit auka programatisk og teoretisk tilnærming til farge og form og var eit markant steg bort frå det kraftfulle i dei tidlegare verka hans.

Bellows døude vinteren 1925 i New York av bukhinnebetennelse etter vanskjøtsel av sprokken blindtarm. Han er gravlagd på Green-Wood Cemetery i Brooklyn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]