George Caleb Bingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett. 1834-35
Båtmenn på Missouri, 1846

George Caleb Bingham (20. mars 18117. juli 1879) var ein USA-amerikansk målar og politikar i Missouri. Bingham tilhøyrde Düsseldorf-skulen og den nord-amerikanske realismen. Mange av motiva hans skildrar pionertida i det såkalla Midt-Vesten.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bingham var son til farmarar, fødd i Augusta County i Virginia. Då han var åtte år gammal flytta han med familien til Franklin i Missouri. Frå 1827 begynte han i lære som møbelsnikkar i Boonville, ved sidan av måla han. Frå 1833 arbeidde han som portrettmålar ved Missouri-elva, i 1835 laga han sitt fyrste sjølvportrett. I 1838 begynte han å studere ved Pennsylvania Academy of the Fine Arts i Philadelphia, og to år seinare hadde han si første utstilling på National Academy of Design i New York.

Fram til 1843 måla Bingham portretta av USA-amerikanske politikarar i hovudstaden Washington, frå 1845 laga han sine kjende bilete av elvar, der han skildra liv og levemåte til menneska som budde langs Missouri-elva. Desse bileta vart svært kjende, framfor alt gjennom stikka til American Art Union. I 1850-åra måla han i tillegg fleire sjangerbilete med politisk innhald.

Allereie frå 1840 var Bingham politisk aktiv i Missouri. I 1848 vart han vald inn i delstaten sitt representanthus. Etter 1850 la han regelmessig reiser til New York, Philadelphia og Washington D.C. Åra 1856-1859 studerte han i Düsseldorf. Frå 1862 var han finansminister i Missouri og adjutant general. Han fekk i 1877 ei undervisningstilling på Missouri School of Art i Columbia, fór deretter til Boonville og til sist til Kansas City, der han i 1879 døydde av kolera.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: George Caleb Bingham

Kjelder[endre | endre wikiteksten]