George Germain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lord George Germain (1780).

George Germain, 1. markgreve av Sackville (26. januar 171626. august 1785), òg kjent som George Sackville, var ein britisk soldat og politikar som var utanriksminister i Amerika i lord North-regjeringa under den amerikanske sjølvstendekrigen. Departementet hans fekk mykje av skulda for nederlaget til britane for dei amerikanske koloniane. Dei detaljerte instruksjonane hans i militære saker, i tillegg til at han ikkje klarte å forstå anten geografien i kolonien er målrettinga til kolonistane, kan forsvare denne konklusjonen.

Militærkarriere[endre | endre wikiteksten]

Han starta som kaptein og vart overført til Gloucestershire infanteriregiment som oberstløytnant. Regimentet vart sendt til Tyskland i den austerrikske arvefølgjekrigen. I 1743 vart Sackville forfremma til oberst.

I det første slaget leia han åtaket til William Augustus, hertugen av Cumberland, sitt infanteri i slaget ved Fontenoy i 1745. Han vart teken til fange, men sidan han var såra i åtaket, behandla franskmennene han og sleppte han fri. Då han kom heim igjen, vart han sendt til Skottland i det 20. infanteriregimentet (Lancashire Fusiliers).

Germain slutta seg igjen til hertugen av Cumberland i 1747 og 1748, og vart oberst i 7. irske kavaleri og tente i Nederland. Der var eit brot i den militære karrieren hans mellom krigane medan han tente som førstesekretær under far sin og som medlem av parlamentet i den irske folkeforsamlinga. I løpet av denne tida fekk han òg eit rykte for homoseksuell oppførsel.

Under sjuårskrigen returnerte Germain til aktiv militærteneste. Han vart forfremma i 1755 til generalmajor. Han fekk kommandoen over eit fjerde regiment og slutta seg til Charles Spencer, hertugen av Marlborough, som generalløytnant. Dei slutta seg til dei allierte styrkane til Karl Wilhelm Ferdinand, hertugen av Braunschweig, i Tyskland. Då Marlborough døydde, vart Germain kommandant av dei britiske styrkane.

Slaget ved Minden[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Minden.

Det britiske hessiske infanteriet gjorde den 1. august 1759 eit vanvittig modig, men vellukka, åtak på sentrumet til den franske linja i slaget ved Minden. Åtaksformasjonen deira slo til og med tilbake det franske kavaleriåtaket ved å halde igjen til den aller siste augneblinken for så å avfyre ein massiv skotsalve då åtaket kom innanfor ti meter. Då dei franske styrkane byrja å falle tilbake til Minden, gav Ferdinand ordre om eit britisk kavaleriåtak for å fullføre sigeren, men Germain heldt igjen framrykkinga deira. Ferdinand sendte ordren sin fleire gonger, men Germain var kome bort frå John Manners, kommandanten til styrkane. Han heldt fram å halde igjen løyve til Manners til å skaffe seg ære gjennom eit åtak, og dei allierte mista høvet til ein avgjerande siger eller omringing. For denne hendinga vart han sagt opp og sendt heim.

Rettssak[endre | endre wikiteksten]

Germain nekta å akseptere ansvaret for å ha nekta å følgje ordre. Han kravde å verte stilt for retten, og han gjorde det til ei stor nok sak at han oppnådde kravet sitt i 1760. Retten fann han skuldig og gav han ei av dei raraste straffane som nokon gong er pålagt ein høgare offiser. Rettsdommen opprettheldt ikkje berre oppseiinga hans, men dømde at han var «...uskikka til å tene hans majestet i ein kvar militær teneste,» og gav så ordre at denne dommen skulle lesast og leggast inn i loggboka til alle regiment i hæren. Kongen fekk namnet hans stryke frå nedteikningane til det kongelege rådet.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Germain hadde vore parlamentsmedlem fleire gonger sidan 1741. Han hadde sitte i periodar i både Dublin og Westminster, nokre gonger samstundes, men hadde ikkje valt side i dei politiske stridane. Då Georg III vart konge, byrja han rehabiliteringa av den politiske karrieren sin.

Det såg ikkje ut til å vere nokre negative konsekvensar frå den europeiske stillstanden i sjuårskrigen. Sigaren over den franskmennene innan koloni-imperiet gav ein sjanse til at hendingane frå krigen kunne gløymast. Det vanskelege med å betale betale tilbake gjelda som vart opparbeida for å føre krigen førte til ein periode med ustabile regjeringar og endrande politiske alliansar. Kong Georg førte Germain i stillheit tilbake inn i nedteikningar til det kongelege rådet.

Han vart i aukande grad ein tilhengjar av Frederick North, og i 1769 gjorde han alliansen formell. Same år døydde Elizabeth Germain utan naturlege arvingar og overlet sine eigedelar til han. Dette betra ikkje berre finansane hans, det gav han òg høvet til å ta namnet formelt. Etter 1770 var George Sackville kjent som lord George Germain.

Germain vart 10. november 1775 utnemnt til utanriksminister for den amerikanske avdelinga. På den tida hadde North-regjeringa tre utanriksministrar, ein for Europa, ein for Amerika og ein for resten av verda. Ved siden av internasjonale samband, hadde desse ministrane ansvaret for ein stor del av den kolonielle administrasjonen og for militære operasjonar innanfor området sitt.

Dette gjorde Germain til ministeren med hovudansvaret for å slå ned opprøret i koloniane. Han forfremma eller avsette generalar, tok seg av provisjonar og forsyningar og vart involvert i den strategiske planlegginga av krigen. Den generelle tilnærmingsmetoden hans var basert på ideen hans om at «...mobben...ikkje burde involvere seg i politikk og styresett som dei generelt ikkje forstår,» og at «...desse landsbyklovnane kan ikkje slå oss.»

Lord Germain og statsminister lord North gjorde tre gissingar om krigen dei stod ovanfor. Den eine var at amerikanske styrkar ikkje kunne stå imot åtaka til dei britiske. For det andre ville krigen likne tidlegare krigar dei hadde utkjempa med suksess i Europa. Til slutt ville sigeren deira føre til at koloniane ville verte trufaste. Alle desse gissingane viste seg å vere gale.

Han arbeidet med general Burgoyne i 1776 med å planlegge, støtte og gi ordre for Saratogafelttoget. Men det at hans ordre til William Howe ikkje var klare nok, medverka til nederlaget til felttoget. I 1781 medverka forvirringa mellom ordrane til Charles Cornwallis og Henry Clinton til nederlaget ved Yorktown.

Etter revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Då lord North gjekk av i 1782, tredde Germain frå både ministerposten sin og parlamentssetet sitt. Kong Georg adla han som markgreve Sackville, men kontroversen rundt handsaminga hans krigen heldt fram. Nokre medlemmar var imot at han skulle sitte i overhuset, men den sviktande helsa hans gjorde saka irrelevant. Han trekte seg tilbake til heimen sin på landet ved Stoneland Lodge i Sussex og døydde der i 1785.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Valentine, Alan, Lord George Germain, 1962.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]