George Jackson av Bob Dylan
| «George Jackson» Singel av Bob Dylan |
||
| A-side | «George Jackson (Big Band version)» | |
|---|---|---|
| B-side | «George Jackson (Acoustic version)» | |
| Utgjeve | 12. november 1971 | |
| Innspelt | Columbia Studio B, New York City: 4. november 1971 | |
| Sjanger | Protestsong | |
| Lengd | 5:38 (Big Band version) / 3:37 (Acoustic version) | |
| Selskap | Columbia | |
| Låtskrivar(ar) | Bob Dylan | |
| Produsent | Bob Dylan | |
| Bob Dylan-kronologi | ||
| «Watching the River Flow» (1971) |
«George Jackson» | «Knockin' on Heaven's Door» (1973) |
«George Jackson» er ein song av Bob Dylan, skriven i 1971 som ein hyllest til leiaren av Black Panther, George Jackson, som nyleg hadde vorte skoten og drepen av vaktar i San Quentin Prison den 21. august 1971. Denne hendinga var ei indirekte årsak til opprøret i Attica Prison. Teksten til Dylan syner med biografiske detaljar tydeleg at det er George Jackson frå Black Panther det er snakk om[1]
Dylan spelte inn songen 4. november 1971,[2] og vart raskt gjeven ut på singel den 12. november 1971.[2] Singelen bestod av ein «Big Band version» (storbandutgåve) på A-sida og ei akustisk utgåver på B-sida.[3]
Singelen nådde 33. plass på Billboard-lista i USA.[4] A-sida vart seinare gjeven ut på albumet Masterpieces i 1978, som berre kom ut i Japan og Australia. Begge utgåver finst i dag på iTunes som ein del av Bob Dylan: The Collection.[5]
Singelen er den einaste i lag med «Watching the River Flow» dei einaste to songane Dylan skreiv i perioden 1971-72, mellom albuma New Morning (1970) og Pat Garrett and Billy the Kid (1973).
Medverkande [endre]
Big Band Version:
- Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal)
- Kenneth Buttrey (trommer)
- Ben Keith (steelgitar)
- Leon Russell (bass)
- Joshie Armstead (korvokal)
- Rosie Hicks (korvokal)
Acoustic Version:
- Bob Dylan (gitar, munnspel, vokal)[2]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «George Jackson (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: