George Stephenson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Stephenson (9. juni 1781–12. august 1848) var ein engelsk ingeniør og forretningsmann som konstruerte det dampdrivne lokomotivet Rocket. Han stod bak byggjinga av den fyrste jarnvegen i verda, ein jarnveg som gjekk mellom byane Liverpool og Manchester, og som vart bygt for nettopp å ha nytte av damplokomotiv. Jarnvegen vart opna i 1830.
Stephenson fekk tilnamnet "Far til jarnvegen". I Victoria-tida vart han i England, og vidare, halden fram som eit framifrå døme på flid, virke og trong til forbetringar. Han bygde jarnvegar med ei sporvidde på 1,435 m, er framleis standard sporvidde i verda.
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «George Stephenson» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2013.